KORONA OG JUL: Stortingsrepresentant (H) og medlem av Stortingets Justiskomitè, Frida Melvær, håpar alle kan halda eit ekstra godt auga med borna rundt seg i høgtida.
KORONA OG JUL: Stortingsrepresentant (H) og medlem av Stortingets Justiskomitè, Frida Melvær, håpar alle kan halda eit ekstra godt auga med borna rundt seg i høgtida. (Foto: Ola Weel Skram / Stortinget)

Vald mot barn under korona og julehøgtida: – Verste forma for kriminalitet

– Den beste julegåva du kan gi til eit barn du mistenkjer vert utsett for vald eller overgrep, er å bry deg og varsle politiet, skriv Frida Melvær (H)

Meiningar: Koronapandemien har ført til at fleire unge blir separert frå omsorgs- og tillitspersonar i skule og barnehage. For dei barna som opplever vald, mishandling og overgrep i heimen, har den siste tida vore ekstra tøff. Ferie frå skule og barnehage i jula kan vere noko mange kvir seg til. 

Omfattande smitteverntiltak har vore nødvendige å for å redde liv i Noreg den siste tida, men vi må erkjenne at dei same tiltaka kan ha fått enorme konsekvensar for sårbare barn.

Regjeringa og politiet jobbar hardt for å ta hand om desse, men vi treng også di hjelp som nabo, tante eller ven av familien.

Den beste julegåva du kan gje til eit barn du mistenkjer vert utsett for vald eller overgrep, er å bry deg og varsle politiet. 

Vald, overgrep og misbruk av barn er den verste forma for kriminalitet som finns.

At små barn vert utsette for dette, ofte av menneske dei stolar på, er heilt forferdeleg og må stoppast. Politiet jobbar på spreng, i samarbeid med gode støttespelarar på ulike nivå i samfunnet.

Jula vil alltid vere ei krevjande høgtid for mange. Vi har alle, som medborgarar, eit ansvar for å vere oppmerksame og varsle politiet dersom vi mistenkjer at barn blir utsette for vald og overgrep.

Store mørketal

Politiet og Statens Barnehus har sagt at dei fryktar store mørketal som følgje av at mange barn vert isolerte frå omsorgspersonane sine. Det uroar meg! 

Å betre situasjonen for sårbare barn og unge som følge av pandemien, har vore ei viktig prioritering for regjeringa. I revidert nasjonalbudsjett ga regjeringa 400 millionar kroner til ein eigen tiltakspakke til denne gruppa, og desse midlane har komme godt med.

For 2021 styrkar vi også innsatsen mot overgrep mot barn på nett, som blir stadig viktigare å førebyggje.

Politiet har aldri vore i betre stand til å førebyggje, avdekke og etterforske kriminalitet enn dei er no. Politireforma har sytt for at politiet har over 2000 fleire operative politifolk i heile landet. Det er desse som skal gjere jobben med å halde oss alle trygge.

– Dette alltid skal prioriterast høgst av all kriminalitet

Barn og unge er høgt oppe på politiet si prioriteringsliste. Det er viktig å sende eit tydeleg signal om at vi skal slå hardt ned på vald og overgrep mot barn, og at dette alltid skal prioriterast høgst av all kriminalitet.

Den beste julegåva du kan gi til eit barn du mistenkjer vert utsett for vald eller overgrep, er å bry deg og varsle politiet.

Det er faktisk straffbart å ikkje tipse politiet ved mistanke om at det er utført ei alvorleg straffbar handling.

Ring 02800 ved mistanke! Du kan gi eit barn ei betre julefeiring og eit betre liv.

Til toppen