TETTARE: Ordførarane i Lærdal og Vang, Jan Geir Solheim og Vidar Eltun har mange felles saker - som Kongevegen over Filefjell. Det valdresinitierte møtet med Årdal og Lærdal hadde som hovudføremål å få på bordet ytterlegare saksfelt av felles interesse. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes
TETTARE: Ordførarane i Lærdal og Vang, Jan Geir Solheim og Vidar Eltun har mange felles saker - som Kongevegen over Filefjell. Det valdresinitierte møtet med Årdal og Lærdal hadde som hovudføremål å få på bordet ytterlegare saksfelt av felles interesse. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes

Valdrisene luktar på Sogn

Regionstyret i Valdres beståande av seks ordførarar frå Valdreskommunar og to fylkestingsrepresentantar frå Oppland tok initiativ til møte med Årdal og Lærdal for å sjå på tettare samarbeid over fjellet.

Årdal/Lærdal/Valdres: – Det var valdrisene som tok initiativ til møtet. Dei skulle til Flåm og sjå på reiselivet der, og kom hit for det eg vil kalla ein "naboprat". Me diskuterte regionreform og moglege samarbeidsområder innan blant anna næringsliv, samferdsle, beredskap og helse. Det var eit svært bra møte, seier lærdalsordførar Jan Geir Solheim (SP).

Valdrisene troppa opp med heile seks ordførarar - frå Vang, Nord- og Sør-Aurdal, Øystre og Vestre Slidre samt Etnedal. I tillegg var to fylkestingsrepresentantar frå Oppland fylkeskommune med.

– Valdrisene bekymra for å bli utkant

Etter at alle diskusjonar om kommunesamanslåing med andre kommunar i Sogn havarerte på vårparten, gjorde Solheim det klart at han ville samarbeida tettare med kommunane i aust - først og fremst Vang og Hemsedal. Dette ser altså ut til å vera  gjensidig.

Målet med regionreforma for regjeringa er å få ti regionar som langt på veg skal erstatta dagens fylker. Ettersom Valdres består av relativt små kommunar vest i ein potensiell austlandsregion med mange store kommunar. Dette er grobotn for bekymring hjå valdrisene, fortel Solheim.

– Valdreskommunane tenkjer at dei blir ein utkant i ein stor austlandsregion. Difor snakkar dei med kommunar i kringliggjande dalføre for å sjå på moglege samarbeidsområder. Dei skulle også ha liknande møter med kommunar i Hallingdal og Gudbrandsdalen.

– Dei er frampå og tek initiativ, det er bra.

På møtet var også varaordførar i Årdal, Sandra Opheim (MDG). Også ho omtalar møtet som ein "prat".

INTERESSANT: Varaordførar i Årdal, Sandra Opheim, møtte også valdrisene, og fann møtet interessant. Arkivfoto
INTERESSANT: Varaordførar i Årdal, Sandra Opheim, møtte også valdrisene, og fann møtet interessant. Arkivfoto

– Det var vel først og fremst for å bli betre kjende på tvers av fylkesgrensa. Me er nok alle litt redd for å koma i ein utkant og tenkjer samarbeid på ulike nivå. Ein orienterer seg litt i terrenget, og eg tykte det var interessant.

– Er valdrisene interessert i noko form for samanslåing vestover?

– Dette var eit initiativ som Valdres tok, så kva dei tenkjer utover å finna samarbeidsområder med oss er vanskeleg å seia. Dei er frampå og tek initiativ, det er bra.

Leiar for regionstyret i Valdres og ordførar i Nord-Aurdal, Inger Torun Klosbøle, fortel dei sonderer terrenget ettersom Oppland fylkeskommune har bede om kommunane sine synspunkt inn i regionreforma.

 

– Dette møtet var for å sjå korleis samarbeid me har i dag og korleis me framleis kan utvida dette samarbeidet. Valdreskommunane og Årdal og Lærdal har mange like interesser.

For Oppland kan det bli aktuelt å gå saman med Hedmark inn i ein austlandsregion. Det tykkjer Klosbøle blir ein svært stor region, og ho fortel dei sonderer terrenget for alternativ.

– Oppland fylkeskommune har bede oss koma med våre synspunkt. 

– Kan ein fjellregion med kommunar frå Valdres, Sogn, Hallingdal og Gudbrandsdalen vera aktuelt?

– Eg vil ikkje utelukka det, sjølv om Hallingdal ikkje ser på det som aktuelt for sin del. Her er ingenting bestemt Men no møttest me først og fremst for å ha nabopraten og sjå nærare på det samarbeidet me alt har.

Til toppen