Valdsdømd fekk redusert straff etter anke: – Ein av oss skal døy i kveld, og det blir deg
(Foto: Arkiv)

Valdsdømd fekk redusert straff etter anke: – Ein av oss skal døy i kveld, og det blir deg

Ein mann dømd for mishandling av den tidlegare sambuaren sin har fått redusert både fengselsstraff og erstatningskrav etter å ha anka dommen hjå tingretten.

Indre Sogn: Ein mann i 50-åra vart i Gulating lagmannsrett dømd til eitt år og to månadar fengsel for vald mot sin tidlegare sambuar. Han fekk redusert både fengselsstraff og erstatningskrav etter han anka saka frå tingretten.

Den domfelte mannen grunna anka si mellom anna med lang saksbehandlingstid og at han hadde vore innlagd på eit psykiatrisenter i fleire månadar etter at han mishandla sambuaren.

Lagmannsretten reduserte også erstatinga mannen må betala kvinna frå 130.000 kroner til 80.000 kroner.

Månadsvis på sjukehus og psykiske lidingar

Ho bad han fleire gonger om å slutte «Vær så snill, (...) –ikkje slå meg meir – vær så snill». Ho registrerte at han gjekk mot gangen. I det ho reiste seg, kjende ho at hendene var fulle av blod. Ho tenkte at ho måtte komme seg «til helvete ut».

Dette var delar av forklaringa til den fornærma som lagmannsretten gjekk god for i dommen. Det kjem fram at mishandlinga gjekk føre seg i tre kvarter. Den fornærma kvinna, også i 50-åra, forklarte at ho mellom anna vart slått, skubba og teke kvelartak på. Ho vart truga på livet, og forklarer at ho var sikker på at mannen meinte det.

Skadene etter mishandlinga gjorde at kvinna vart sjukemeld i fleire månadar etterpå. Ho slit framleis med nedsett syn som konsekvens av det som skjedde. I tillegg slit ho med psykiske etterverknadar og har blitt diagnosert med posttraumatisk belastningsreaksjon.

Meinte dommen var for streng

Mannen i 50-åra vart i tingretten dømd til eitt år og åtte månadar fengsel pluss å måtte betala 150.000 kroner i erstatning til kvinna. Forsvarsadvokaten meinte tingretten hadde lagt seg for høgt, og samanlikna saka med tidlegare dommar. Den tiltalte erkjente straffskuld med det same, men tok det tingretten eitt år og fem månadar å behandle saka, trass i at det meste av undersøkinga var gjort innan ein månad.

Forsvarar fekk medhald i lagmannsretten om at fegslingstida skulle reduserast, men retten endra ikkje syn på kvinna si forklaring.

Både påtalemyndigheitene og bistandsadvokaten sette seg imot å godta anka frå den tiltalte mannen, men lagmannsretten heldt med mannen. Saka vart teken opp att, men fengselstida vart ikkje redusert like mykje som forsvararen hadde håp om.

Advokaten til den dømde mannen, Rune Tysse, seier til Porten.no at den dømde godtek avgjerda til lagmannsretten og ikkje ynkjer å anke på nytt.

Til toppen