RØMTE: Ein av dei tre tiltalte i gruppevaldtektssaka i Sogn, har rømt for å unndra seg straff. Det vart klart då saka skulle opp for Sogn og Fjordane tingrett måndag.
RØMTE: Ein av dei tre tiltalte i gruppevaldtektssaka i Sogn, har rømt for å unndra seg straff. Det vart klart då saka skulle opp for Sogn og Fjordane tingrett måndag. (Foto: Sunniva Knutsen)

Valdtekts-tiltalt møtte ikkje i retten, advokat: – Uheldig at han vart sett på frifot i sommar

Bistandsadvokat Anette Stegegjerdet Norberg tykkjer det er negativt for rettssaka at ein av dei tiltalte vart sleppt laus i fjor sommar.

Indre Sogn: Måndag starta rettsaka mot tre europeiske menn, to av dei brør, som alle er tiltalte for å ha valdteke ei kvinne i Indre Sogn i februar i fjor. 

Då rettsaka starta møtte berre to av dei tre tiltalte. Desse har sitte varetektsfengsla fram til rettsaka, men den tredje, som er rekna å vera hovudmannen bak overgrepet, rømte etter han vart sleppt ut av varetekt i fjor sommar. 

Ifølgje NRK, har han rømt landet.  

– Eg synst det er uheldig at han vart sett på frifot i sommar, med grunngjeving i at det ikkje var nokon fare for at han ville unndra seg straff, medan dei to andre måtte sitta i varetekt. No er det han som har unndratt seg. Det er veldig negativt for saka si opplysning, tenkjer eg, seier advokat Anette Stegegjerdet Norberg, som forsvarar èin av dei to brørne, til Porten.no. 

Tiltalte etterlyst internasjonalt 

Forsvararen til tiltalte, Stig Nybø, seier til Porten.no at han ikkje veit kvar tiltalte befinn seg. Statsadvokat Rudolf Christoffersen opplyser til NRK at mannen no er etterlyst over heile verda.

– Han vil bli arrestert og ført for retten i ei eiga sak seinare, sa Christoffersen. 

Nybø seier han har snakka med tiltalte. 

– Han har ikkje møtt opp, han har ikkje rømt. Eg har snakka med han og han fryktar at han er lettare å dømma enn andre sidan han er utlending.

Forsvararen seier at tida tiltalte tilbrakte i varetekt i fjor sommar gjekk inn på han.

–  Han er frykteleg redd for å hamna i fengsel igjen. Han forklarar at han er uskuldig. Han var sammen med kvinna den kvelden, men han seier at det var frivillig, seier Nybø.

– Veit du kor han er? 

– Nei eg veit ikkje kor han er, men det er ikkje så mange stader han kan opphalda seg.

Dei to andre tiltalte, to brør, sit framleis i varetekt. Ein av dei har innrømma deler av tiltala, medan den andre nektar å ha gjort noko gale. Tysdag skal dei to tiltalte forklara seg. Prosedyrer er venta måndag neste veke. 

Til toppen