VIL BE OM FORLENGA FENGSLING: Tre menn vart tidleg i juni arrestert og sikta for ei gruppevaldtekt. To av dei sit framleis i varetekt, og blir sittande ut august, om politiadvokat Sissel Kleiven får det som ho vil be om.
VIL BE OM FORLENGA FENGSLING: Tre menn vart tidleg i juni arrestert og sikta for ei gruppevaldtekt. To av dei sit framleis i varetekt, og blir sittande ut august, om politiadvokat Sissel Kleiven får det som ho vil be om. (Foto: Solveig Svarstad/NRK)

Valdtektssaka: Politiet vil halda to av dei tre sikta fengsla i ytterlegare fire veker

Det likar forsvararen til den eine dårleg. – Min klient nektar å ha hatt noko med denne saka å gjera, og kjem til å kreva at han no må sleppast fri.

Indre Sogn: – Me er ikkje heilt ferdige med etterforskinga, så me planlegg å halda dei to som framleis sit i varektekt fengsla for enno ein periode, seier politiadvokat Sissel Kleiven. 

Det var 5. juni at politiet arresterte tre menn, og sikta dei for å ha valdteke ei kvinne i eit privat husvære i Sogn. Dei tre er av utanlandsk opphav med opphald i Norge. Berre èin av dei tre samtykka til varetektsfengslinga.

To sit framleis i varetekt, tredjemann slapp laus etter første fengslingsperiode, men har framleis status som sikta.

– Grunnen er at det ikkje er fare for at han vil unndra seg straff. Han har budd her lenge og har sterk tilknyting til Norge, seier Kleiven.

Ein av tre på frifot

Dei to andre risikerer altså å måtte sitta i varetekt ut august. Neste fengslingsmøte er onsdag i neste veke.

– Min klient nektar å ha hatt noko med denne saka å gjera, og kjem til å kreva at han no må sleppast fri, seier advokat Louis Anda, som forsvarar den eine av dei to som framleis sit fengsla.

Det er ikkje er uvanleg at politiet brukar tre månader på å etterforska ei slik sak, så Anda vil ikkje kritisera dei for dèt. Likevel er han i ferd med å bli utolmodig.

– Når folk blir sittande så lenge i varetekt, så er det på tide at saka snart kjem opp til retten for handsaming, seier han.

Forsvararen til den andre, Anette Stegegjerdet Norberg, seier dei no òg vil samtykka til fengsling. Men òg her er tolmodet på hell.

– Politiet lova ved førre fengsling at etterforskinga skulle vera avslutta til denne fengslingsperioden gjekk ut. På vegner av vår klient registrerer me at det ikkje er etterlevd, slik me òg frykta og tok opp med politiet i førre fengslingsmøte, seier ho.

Vil be om forlenga fengsling

No forventar ho at påtalemakta avgjer om dei skal ta ut tiltale innan den neste fengslingsperioden er omme, og at tida for hovudforhandlinga eventuelt blir sett like etterpå. 

Ho seier dei òg har forsøkt å få letta fengslingsrestriksjonane for hennar klient, utan å ha fått svar på det til no.

– Han har trass alt har samarbeidd med politiet heile tida, seier Stegegjerdet Norberg.

Som tidlegare ønskjer ikkje politiet å fortelja om omstenda rundt valdtekta, eller svara på andre konkrete spørsmål om dei tre sikta og offeret. Dette er både av omsyn til etterforskinga, og for å unngå identifisering.

Men politiadvokat Kleiven kan fortelja at etterforskinga går jamt og trutt, sjølv om det er ferietid. Ho forventar at etterforskinga skal vera ferdig i løpet av august, altså før neste fengslingsperiode går ut, om han blir forlenga slik politiet ber om.

– Me er i rute, men det er resultat av ein del undersøkingar me må venta på, seier ho.

Til toppen