STERKT LAG: Rune Bolseth (f.v.), Eirik Bakke, Tommy Øren og Håvard Flo utgjer 4/9 av sogndalslaget som stiller i veteranklassen under Veterancupen til helga – og er klare favorittar. Fotokollasj: Arkiv/Ole Ramshus Sælthun  
STERKT LAG: Rune Bolseth (f.v.), Eirik Bakke, Tommy Øren og Håvard Flo utgjer 4/9 av sogndalslaget som stiller i veteranklassen under Veterancupen til helga – og er klare favorittar. Fotokollasj: Arkiv/Ole Ramshus Sælthun  

– Vålerenga skremde av sogndalslaget

I ei veterancuphelg med heller skral lokal deltaking og utan trekkplaster frå balløya er eit sogndalslag fullspekka med ikkje veldig gamle heltar den kanskje største attraksjonen.

Indre Sogn: – Vålerenga vart litt skremde då dei såg laget til Sogndal, ja, seier turneringsleiar Roald Flodsand.

For veteranlaget til Sogndal består av fleire av dei største sogndalsprofilane dei siste tjue åra. Sjå berre her: 

  • Asle Hillestad
  • Helge Øvrebø
  • Brede Skorve
  • Tommy Øren
  • Rune Bolset
  • Eirik Bakke
  • Rune Buer Johansen
  • Håvard Flo
  • Frank Øyre

Veteranklassen er altså for spelarar i førtiåra, så Tommy Øren og Rune Bolseth spelar på dispensasjon.

– Favorittar

– Det ser ut som ei startoppstilling i tippeligaen for femten års tid sidan?

– Ja, eller eit halvt år sidan, seier Flodsand, og hintar til først og fremst Rune Bolseth, som altså spelte i Tippeligaen heile førre sesong og gav seg som den spelaren med flest sogndalskampar i historien – 404 totalt.

Ikkje er det veldig mange år sidan verken Eirik Bakke, Håvard Flo eller Tommy Øren spelte på høgste nivå i norsk fotball heller.

– Me reknar med at dei blir vinnarane i veteranklassen, der Vålerenga med namn som Bjørn Viljugrein kanskje står som fremste utfordrar. I 50+-klassen trur flest på Viking med Bjarne Berntsen i fremste rekkje.

Ingen lag frå Årdal, eit lag som ikkje kan gå vidare frå Lærdal

Eit knallsterkt lag frå Sogndal med to årdøler i form av nemnde Tommy Øren og ikkje minst Frank Øyre, som var på høgd i sogndalsrekkjene siste halvdel av 90-talet, altså.

Elles er det skralt med spelarar frå Årdal – ingen lag frå verken Tangen eller Øvre stiller i årets turnering.

– Det har vore fire lag frå Årdal og lag i alle klassar herifrå somme år. Så at dei ikkje har med nokre i år er så klart litt spesielt, seier Flodsand.

– Kva gjer at det er slik?  

– Det vart berre slik i år, men me skulle så klart gjerne ha hatt med lag frå Årdal. Aurland stiller ordinært lag, men me har eigentleg ikkje skikkeleg lag frå Lærdal heller. Her fekk me rett nok i hop eit lag, men det har såpass mange spelarar under førti år at det ikkje kan gå vidare til sluttspel.

– Det same gjeld to lag som melde seg på Old Boys-klassen, altså 34-pluss. Denne klassen måtte me kutta i år grunna lite påmelding. Så dei som meldte seg på i denne klassen fekk tilbod om å bli med i gruppespelet i veteranklassen, med det vilkåret at dei ikkje kan gå vidare. Og det var heilt greitt.

– Litt roleg år, men trøkkjer til med tjueårsfeiring neste år att

Som oftast har det kome storfint besøk frå England i form av ei fotballegende, men i år blir det ikkje slik.

– Det er ikkje det at dei ikkje vil – Clayton Blackmore (tidlegare Manchester United- og Walesspelar) tok kontakt og fortalde det var fleire som ville koma. Men det kostar oss ein del å dekkja fly, hotell og slikt, så i år blir det ingen herifrå.

Trass få lokale lag, inga Old Boys-klasse og fråvêr av trekkplaster frå England har påmelding generelt vore jamt over bra, fortel Foldsand.   

– Me har førtisju lag, av dei fjorten damelag. I fjor var det litt over femti lag, året før litt under att. Så me ligg om lag der me plar. Me har vore oppi sekstisju, og det er litt for mykje. Men neste år kan det nok bli noko slikt att.

Då fyller nemleg Veterancupen tjue år – og det ligg an til både trekkplaster frå balløya, vonleg Old Boys-klasse og fleire lokale lag.

– I år blir litt rolegare, men så trøkkjer me til med stor feiring neste år, seier Flodsand.

Kampane fredag går av stabelen i Lærdalshallen, Årdalshallen og Aurlandshallen på ettermiddagen og kvelden. Så er det kampar att laurdag morgon og føremiddag alle stader, medan sluttspelet i alle klassane blir spelte i Lærdalshallen laurdag ettermiddag. 

Kampoppsett finn du her.

Til toppen