SÅ VAR DET GJORT: Klokka er 19:57 og ein letta Rasmus Stokke kan konstantere at han rakk det denne gongen òg. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Stortingsvalet 2017

Vallokala har stengt: Han fekk gjort borgarplikta i siste liten

Ein prorektor med joggepuls fekk æra av å avslutte valet på Kaupanger. Først tre minutt før stenging låg røystesetelen hans trygt i urna.

Kaupanger: Klokka 20.00 stengte dørene til vallokala dei aller fleste plassar. Prorektor ved Høgskulen på Vestlandet, Rasmus Stokke, vart aller siste veljar ut på Kaupanger.

– Det var ikkje meininga å bli den siste, men eg er veldig glad for at eg rakk det. Eg måtte stresse litt på for å få det til, seier Stokke, som hadde vore på jobbmøte i fjellet på valdagen.

Då møtet drog ut, som dei jo fort kan gjere, fekk han det travelt med å komme seg heim. Det heldt, om enn berre så vidt.   

– Eg har alltid stemt viss det har vore praktisk mogleg å få det til. Det er litt seigt å følgje med på valsendingane etterpå viss ikkje, seier Stokke, som avslører at det nettopp er dèt han har tenkt å gjere:

– No blir det ein dusj, så blir det å følgje med utover kvelden. Det blir eit utruleg spanande val den gongen her. Det blir ein skikkeleg thriller.

Til toppen