PÅ PLASS I TRONDHEIM: Gustav Valsvik blir den første signeringa til ny Rosenborg-trenar
PÅ PLASS I TRONDHEIM: Gustav Valsvik blir den første signeringa til ny Rosenborg-trenar (Foto: rbk.no)

Valsvik klar for Rosenborg

Vikjen kan danna stopparduo med tidlegare Sogndal-kollega Even Hovland.

Trondheim: Midstoppar Gustav Valsvik frå Vik går frå tysk fotball til serievinnar Rosenborg. Det melder klubben sjølv på eigne nettsider i kveld.

– Dette er ein kjempefin overgang for meg no. Eg er kjempestolt og glad for å komma til Norges største klubb, og ser fram til å spela for Rosenborg og foran Kjernen, seier Valsvik til rbk.no

Gamle lagkompisar

Gustav Valsvik har tidlegare spelt for Sogndal og Strømsgodset. I 2016 signerte for Eintracht Braunschweig i 2. Bundesliga.

Den 25 år gamle midtstopparen har heile 60 U- og A-landslagskampar. I Rosenborg får han eit gjensyn med tidlegare klubbkollega i Sogndal, Even Hovland.

– Even var på ein måte eit førebilete for meg då eg kom fra Vik, og eg tok dei same stega som han. Han kjenner eg godt fra før, så det blir moro å spela saman igjen, seier Valsvik.

Tøff konkurranse

I Rosenborg får han ein tøff jobb med å spela seg inn på ein av dei to midstopparplassane. I tillegg til Hovland skal han konkurrera med Tore Reginiussen. Begge fekk landskampar i fjor.

– Det er sjølvsagt tøff konkurranse i ein så stor klubb som Rosenborg, og det må du forventa. Skal RBK prestera på toppnivå så må det vera konkurranse og mange om beinet, seier Valsvik.

Til toppen