ATTVALt: Hilmar Høl (Ap) vart attvalt som fylkesleiar for Arbeidarpartiet Sogn og Fjordane. Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad /Sogn og Fjordane fylkeskommune.
ATTVALt: Hilmar Høl (Ap) vart attvalt som fylkesleiar for Arbeidarpartiet Sogn og Fjordane. Foto: Birthe Johanne Fredheim Finstad /Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Valt for tredje året på rad

Hilmar Høl vart i helga attvalt som leiar for Arbeidarpartiet Sogn og Fjordane.

Alle dei 120 delegatane som var til stades under fylkesårsmøte i helga stemte for at Høl skulle halda fram som leiar. 

Årdalspolitikaren har vore leiar for Arbeidarpartiet Sogn og Fjordane sidan 2014. 

- Det er stas å få den tillita frå partiet, i staden for å ha alle desse kampane, seier Høl til Porten.no.

Fortsetja arbeidet

Valnemnda uttala at dei ønska at Høl skulle fortsetja som leiar, grunna det gode arbeidet han hadde gjort i partiet.

- Eg er førebudd på at det kjem til å komma nokre kampar om kven som skal leia partiet i framtida, men fram til då skal eg halda fram med det viktige arbeidet som er i gong, seier Høl.

Sogn og Fjordane Arbeidarparti har totalt 2157 medlemmar i fylket.

Oppfatta som stagnerande

- Sogn og Fjordane vert ofte oppfatta som det stagnerande fylket sett frå andre. Dette må vi endra på, seier Høl.

Planen hans er å utvida arbeidsmarknaden og få opp folketalet.

- Eg er svært oppteken av næringspolitikken og ikkje minst den vidaregåande skulestrukturen, seier han.

Til toppen