FLEST STEMMER: Etter at 68 prosent av stemmene er talt opp hadde Årdal Ap 53,4 prosent i oppslutning.
FLEST STEMMER: Etter at 68 prosent av stemmene er talt opp hadde Årdal Ap 53,4 prosent i oppslutning. (Foto: Synne Aasheim Haga)

KOMMUNEVALET 2019

Valvake i Årdal: Arbeidarpartiet tilbake på topp

68 prosent av stemmene er talt opp.

Årdal: Måndag er det kommune- og fylkestingsval, og i Årdal føregår valvaka på Bakeriet. 

Dagens første valmåling frå VG valmåling klokka 21 synte fleirtal til Senterpartiet. Dette var etter at 53 prosent av stemmene er talt opp. 

Rett før klokka 22 kom Arbeidarpartiet sterkt tilbake. Etter at 68 prosent av stemmene er talt opp har dei 53,4 prosent i oppslutning. 

– Eg var litt skeptisk i byrjinga, men heldigvis klarte me å redda det inn igjen. Dette blir bra. Eg er kjempeglad, seier Malvin Stenehjem, leiar i Årdal Arbeiderparti. 

Senterpartiet størst i første måling

STØRST I FØRSTE MÅLING: Aleksander Øren Heen og Senterpartiet fekk størst oppslutning valdagens første måling. Foto:  Sunniva Knutsen

Senterpartiet fekk ein oppslutning på 48,0 prosent, opp 9,2 prosent frå førre kommuneval i 2015, i første måling klokka 21. 

– Blir spennande å sjå når alt er talt opp. Ein skikkeleg valthriller dette, sa ordførarkandidat Aleksander Øren Heen til Porten.no. 

Ap ned 3,0 prosent i første måling

I første måling hadde Arbeidarpartiet ein oppslutning 41,8 prosent, ein endring på -3,0 prosent frå førre val.

Høgre fekk 5 prosent, ein endring på -1,2 prosent frå valet i 2015. 

Nykommarane Raudt fekk 5,2 i første valmåling. 

Saka blir oppdatert. 

Til toppen