SKAPTE LIV: Vokalist Jan Toft og gitarist Bjørn Berge skapte liv i Kvammegården fredag kveld.
SKAPTE LIV: Vokalist Jan Toft og gitarist Bjørn Berge skapte liv i Kvammegården fredag kveld. (Bilde: )

Vamp tok Lærdal med storm

Kvammegården var fylt til randen då ei av Noregs største band gjekk på scena.

Lærdal: - Det var kjempegøy. Ein overraskande flott arena - intimt og gøyalt på alle måtar. Og veldig artig med publikum i alle aldrar og nasjonalitetar, for den del, seier frontfigur Øyvind Staveland i Vamp.

Det vart ein kveld der alt stemde; Kvammegården var i praksis utseld, skyene på himmelen sleppte ikkje frå seg regn, men heldt varmen nede i dalbotnen, karane frå Haugesund var i kjempeslag, det same var publikum.

Mange lærdøler og folk frå nabobygdene hadde funne vegen til Kvammegården; det hadde også fleire asiatiske turistar som meir eller mindre tok av der dei stod på fløyen.

- Me hadde ikkje venta at det skulle koma så mykje folk, så det var berre kjempepositivt. Og det såg ut til at publikum hadde det veldig triveleg, seier Staveland.

Artikkelen held fram under biletet

TRØKK: Øyvind Staveland i kjent stil
TRØKK: Øyvind Staveland i kjent stil Foto: Ole Ramshus Sælthun

- Kunne ikkje ha vore betre

Reportoaret spenner vidt både i sjanger og epoke - frå melankolske balladar via visesang med ein god porsjon humor til rocka folkemusikk. Publikum var godt nøgde då "Månemann" avslutta hovudsettet, men fekk kalla Vamp innatt. Sarte, stemningsfulle "Øyentrøst" frå siste studioalbumet "Populas" var første ekstranummer, og då "Liten fuggel" avslutta ballet stod så og seie samtlege publikummarar i Kvammegården.

NØGDE: Vamp tykte Kvammegården var ei strålande scene.
NØGDE: Vamp tykte Kvammegården var ei strålande scene. Foto: Ole Ramshus Sælthun

- Det kunne ikkje ha vore betre. Me visste ikkje kva me gjekk til for me hadde ikkje sett scena før, så dette freista absolutt til gjentaking. Det einaste som var synd var at det var fullt på alle overnattingsstader i Lærdal så me rett og slett måtte reisa vidare, seier Staveland.

Han er også full av lovord om organiseringa.

- Kjempebra, alt var på stell - me hadde vel den kjappaste nedriggen me har hatt i det heile på sommarturneen vår. Og veldig fint med skuleklassen som hjelpte til. Dessutan tykkjer me det er kjekt å kunne gje ein boost til dei nye drivarane av utestaden og hotellet.

Gunstig avtale

Stian Vatlestad, som stod for koordineringa av arrangementet og var teknisk ansvarleg, fortel folk var svært nøgde med arrangementet.

- Eg fekk også høyra at eg vart nemnt på scena, noko som er litt stas. Men då var eg å henta stolar, så eg fekk det ikkje med meg.

Skuleklassa som hjelpte til var dugnadsgjengen i 10. klasse på Lærdalsøyri skule.

- Eg fekk dei med til rigging og vakthold, noko som Vamp betalte for, fortel Vatlestad.

I det heile var det ein svært gunstig avtale arrangørane Vatlestad og Lærdalsøren hotell fekk med haugesundsbandet.

Vamp har stått for alle utgifter i samband med konserten, mot at dei fekk billettinntektene, så det var ikkje noko risiko for oss som arrangørar. Alt var etter initiativ frå Vamp, etter me hadde snakka med dei i samband med Kom Heimatt, men då kunne dei ikkje spela.

Artikkelen held fram under biletet

FULLT: 
FULLT:  Foto: Ole Ramshus Sælthun

550 publikummarar

Når dei så kom vart det verkeleg ein suksess; Vatlestad fortel om lag 550 publikummarar vitja Kvammegården under konserten.

- Noko eg syns er heilt fantastisk! Utruleg kjekt at so mange tok turen til Kvammegården ein fredagskveld. I tillegg var det eit veldig variert publikum, noko som er veldig kjekt, og med på å skapa god stemning.

Lærdal var ein av drygt 40 stoppestader for Vamp denne sommaren.

- Me har flytta oss med sola heile vegen, så det er utruleg kor heldige me har vore, seier Staveland.

Til toppen