PÅ VANDRING: Steinar Laumann med Grålin og kjærasten med Sølvi i eitt av kryssa mellom E16 og Kongevegen i Lærdal. Laumann har fått hjelp av mange undervegs i Lærdal, her bêr Agnar Berge kraftfôrbøtta.
PÅ VANDRING: Steinar Laumann med Grålin og kjærasten med Sølvi i eitt av kryssa mellom E16 og Kongevegen i Lærdal. Laumann har fått hjelp av mange undervegs i Lærdal, her bêr Agnar Berge kraftfôrbøtta. (Bilde: Ole Ramshus Sælthun)

Vandrar med ku og kalv langs gamle ruter

Det går ikkje frykteleg fort med Steinar Laumann, kua Grålin og kalven.. Men det går framover, og denne veka har dei teke seg gjennom deler av Lærdal.

Lærdal: - Me var på treningsleir i Skjåk i heile mai, nesten. Då vart eg usikker på korleis dette skulle gå, for ho nekta å gå lenger enn i alle fall hundre meter i timen. Og å skulle kryssa ein bekk var heilt uaktuelt. Blikket sa: "Er du galen?", seier Laumann. 

Likevel la dei i veg frå Sota Sæter 21. juni. Først gjekk dei til Jostedalen over Hanspiki. Så til Marifjøra. Derifrå tok dei båt til Lærdal.

- Det var litt artig, for dette er eit vestlandsk fjordfe. Men ho har vore i Skjåk heile livet sitt og aldri sett ein fjord. Så ho stod og keik utover fjordlandskapet der frå båten. Det vart hennar møte med det rette elementet, fortel Laumann.

For det har gått rimeleg greitt med kua Grålin på etappane. Laumann har etter kvart skjønt kva som var grunnen til uviljen under treningsleiren i mai.

- Eg trur kanskje det var fordi ho var gravid. For etter ho fekk kalven var det ikkje noko problem å gå.

Artikkelen held fram under biletet

KLARE: Trioen er klare for ein ny dag med vandring.
KLARE: Trioen er klare for ein ny dag med vandring. Bilde: Ole Ramshus Sælthun

 

Folk kan følgja ferda deira

Prosjektet går ut på å gå gamle drifteruter rundt om frå Gudbrandsdalen via Sogn til Valdres. I utgangspunktet skulle trioen, som det vart etter at kalven Sølvi kom til, nå Oslo. No er ambisjonen "mot Oslo" fram til prosjektet blir avslutta midt i september. 

- Eg innser at me brukar litt lenger tid enn me hadde tenkt. Så me prøver å kvila og eta mykje. Turen blir avlutta på tid og ikkje på stad. Så eg må prøva å vera ein plass der eg kan hentast med bil 15. september

- Utifrå erfaringane til no, kvar er du komen då?

- Er eg heldig er eg kanskje i åsane rundt Fagernes. 

Laumann har jobba som breførar i Jostedalen i ti år og er utdanne kunstnar ved Kunsthøgskulen.

- Så det er eit forsøk på å kopla dei to saman. Me fekk ideen når me gjekk dei gamle drifterutene over breen for to-tre år sidan. "Kanskje du skulle ha prøvd", sa han kompisen min. "Ja, det skal me. Me skal faktisk gå heilt til Oslo", sa eg. Så byrja planlegginga.

Folk flest kan også følgja hans, Grålin og Sølvi si ferd. På nettsida garenturmedkua.no ligg info om prosjektet. Dessutan har Sølvi ein GPS-sendar rundt halsen, så på nettsida blir det oppdatert kvar dei er til ein kvar tid.

- Folk er velkomne til å berre dukka opp når dei ser me er i nærleiken, seier han.

Grålin har vanlegvis mikrofonar rundt halsen og sender lyd live frå turen.

- Når me har både dekning og batteri samstundes, rett nok. Batteria skulle liksom ladast med solcellepanel, då. Men sommaren har jo ikkje vore heilt optimal for slikt.

Artikkelen held fram under biletet

GPS: Sølvi har ein GPS-sendar rundt halsen så alle som vil kan følgja ferda på kart på nettsida for prosjektet
GPS: Sølvi har ein GPS-sendar rundt halsen så alle som vil kan følgja ferda på kart på nettsida for prosjektet Bilde: Ole Ramshus Sælthun

 

- Skal gå i deira tempo

Når Porten.no møter dei tre, har dei hatt ei natt ved Kongevegen på Hønjum gard. Dei kom til Lærdalsøyri med båt 24. juli

- Så me har brukt over ei veke opp hit.

At det går litt seinare enn planlagt, forklarar Laumann slik:

-  Når ein driftar har ein jo vanlegvis fleire. Og viss ein då møter ei utfordring, om det er eit blad som blafrar i vinden eller ein fugl som syng litt for høgt, vil den fremste kua stoppa. Og då kjem det alltid ein eller annan bak som tek over. Så flokken driftar seg sjølv. Her er det jo berre to, ei ku og ei kalv. Så når ho stoppar opp og lurer på noko, stoppar jo også heile drifta.

Men han påpeikar også at det blir svært så velstelt i grøftekantane langs vegene i dalen.

- Eg veit ikkje om du har lagt merke til at det er mykje mindre gras i grøftene i Lærdal etter at me kom? Spesielt den vegen mellom Tønjum og Mo.

- Du har ikkje vorte oppgitt av og til over at ho heile tida stoppar opp og et?

- Eit par gonger, kanskje. Spesielt viss me har noko me skal rekka. Båten, til dømes. Då passar det seg ikkje å stoppa opp. Då blir det litt kraftfòrlokking og lett knuffing. Så me prøver å unngå massiv overtaling. Det skal gå i Grålin og Sølvi sitt tempo.

Tok Sølvi i pulk

Han og Grålin har framleis eit godt forhold, strekar han under.

- Frå mi side, i alle fall. Du kan jo høyra med henne kva ho meiner.

Kalven Sølvi har også "vakse med oppgåva". Då dei starta var ho tre veker gamal. No hoppar og sprett ho rundt på Hønjum, full av livslyst.

- Det er jo veldig morosamt å sjå kor stor Sølvi har vorte. Og ho blir meir og meir trygg på seg sjølv.

Men det har vore tungt for henne til tider.

- Eg tok ho i pulken når ho vart sliten der det var snø ved Jostedalsbreen. Og ho var så lett at eg kunne løfta ho opp tidleg på turen. Så eg prøvde å ha henne over skuldrene. Men det varde i cirka ti sekundar og viste seg å ikkje vera ein veldig god idè.

Takkar for god hjelp

No ser han fram til etappene vidare langs Kongevegen i Lærdal og over mot Vang.

- Vegen er målet. Og det blir berre betre og betre no når me kjem vekk frå bilveg og asfalt. Det vil me nok setja pris på alle saman.

Laumann var også litt spent på korleis det skulle gå då han kom til Lærdal. Fordi han ikkje kjende nokon, var han avhengig av velvilje frå framande for å til dømes finna stader der Grålin kunne beita.

 - Går det an å takka nokon? Eller er det litt cheezy? spør han

For han kjende litt til Jens Hauge og Bente Øien Hauge. Dei har vore viktige for at turen gjennom Lærdal så langt har gått knirkefritt.

- Dei har ringt og ordna på. Sende meg over til Ivar Petter Grøtte og så sende han meg vidare til Rikard Lysne, og så gjekk eg vidare til Agnar Berge. Så ordnar det seg etter kvart. Så eg må takka alle i Lærdal så langt.

Til toppen