Borlaug: Det seier Hallgrim Rogn i Innvangsjon. Fredag møttest formannskapa i Vang og Lærdal for å diskutere eit mogleg samarbeid i framtida – først og fremst rundt Kongevegen over Filefjell, men også på andre område.
Den historiske vegen har vore gjennom eit restaureringsarbeid til fleirfaldige millionar kroner. No skal Vang og Lærdal kommune ta over vedlikehald og sørgje for at vegen ikkje gror att, og ikkje minst fortelje om vegen gjennom sosiale medium.
– Me starta Kongeveg-prosjektet saman, og det har vist seg at det kan føre til endå meir, så å følgje opp dette no er viktig slik at det blir eit så godt reiselivsprodukt som mogleg, seier ordførar i Vang, Vidar Eltun (Ap).
Kongevegen som motor
På dagens møte på Borlo Bygdetun vart det bestemt at det skulle setjast ned ei gruppe på seks personar, tre frå kvar kommune, som skulle sjå på korleis vedlikehaldet skal gjerast og finansierast.
Artikkelen held fram under biletet.

Mellom anna er det ein ambisjon at det vert sett av inntil 200.000 kroner frå kvar av kommunane som finansiering av arbeid og aktuelle prosjekt.
Frå eksisterer det allereie eit bedriftsnettverk med bedrifter frå begge sider av fylkesgrensa som jobbar for å gjere eit produkt av Kongevegen.
– Bedriftene er byrja å samarbeide, og då er det heilt natyrleg at verkemiddelapparatet koplar seg på og ser på korleis me kan forsterke det og kanskje finne andre samarbeidsområde, seier næringssjef i Lærdal, Arve Tokvam.
Samarbeid på andre område
For det er litt historisk sus over dette litt avslappa, men likevel viktige møtet mellom kommunane.
– Ja, me har fått augo opp for at fjellet ikkje er ei barriere. Det er litt påfallande at me politisk har snakka så lite saman når me bur så nære. Eg trur samarbeidet mellom kommunane alltid har vore der, men litt lite brukt i det siste, smiler Jan Geir Solheim (Sp), som er ordførar i Lærdal.
Artikkelen held fram under biletet.

Og det er spesielt innan reiselivet dei to kommunane kan utfylle kvarandre. Medan Vang er best på vinter, er det i den varme delen av året Lærdal har mest besøk.
– Det var tydeleg når me fortalte kva driv at me er gode kvar for oss, medan til saman er me gode heile året, særleg innanfor reiselivet. Du har Jotunheimen og Sognefjorden. Til saman er det ganske fett, legg Rogn til.
Kommunesamanslåing? Ikkje heilt der
Kva framtida faktisk vil bringer er vanskeleg å seie førebels. Det einaste sikre er at ein vedlikehaldsplan skal vere på plass til neste sesong, og i mellomtida kan mykje anna skje.
– Kva med å slå saman kommunane?
– Eg trur at identiteten er så sterk i Lærdal og Vang at me er ikkje heilt på det nivået, gliser Solheim.