MÅLSHOW: Anders Lereng vart firemålsskårar i ein kamp laget vann 19-0. Foto: arkiv.
MÅLSHOW: Anders Lereng vart firemålsskårar i ein kamp laget vann 19-0. Foto: arkiv.

Vann 19-0: – Eg tykte ikkje det var så forferdeleg moro 

Dei fekk i allefall trent på å ta avspark, gjestene frå Kaupanger. Heile nitten gonger måtte dei ta den sure turen til midtstreken.

Årdal 2/Jotun/ÅTIL – Kaupanger 2: 19-0

19-0 er siffer du knapt les om i nordkoreanske aviser etter at landslaget har spelt kamp.

–FOR MYKJE: Trenar Geir Kjetil Øvstetun tykkjer 19-0 vart i meste laget.
–FOR MYKJE: Trenar Geir Kjetil Øvstetun tykkjer 19-0 vart i meste laget.

Men det vart altså resultatet i sjettedivisjonskampen mellom Årdal 2/Jotun/ÅTIL og Kaupanger 2. Kvart femte minutt måtte den stakkars kaupangerkeeperen hente ballen ut av nettet.

– Det vart voldsomt, nesten for mykje, skal eg vera heilt ærleg. Eg tykte ikkje det var så forferdeleg moro, seier Geir Kjetil Øvstetun, trenar for årdalslaget.

Kænth Legreid vart toppskårar i kampen med seks mål, medan Anders Lereng skåra fire. Etterpå var trenaren likevel mest opptatt av å rose motstandarane, som ikkje trekte seg, sjølv om dei hadde vanskar med å stable eit lag på beina.

– Eg er imponert over at dei stiller og fullfører, det står det stor respekt av. Det er ikkje noko kjekt for dei å få eit slikt resultat, seier Øvstetun.

Han har vore med i fotballen i ein mannsalder og vel så det, men har aldri opplevd makan til det han vart vitne til frå sidelinja på Jotun stadion måndag kveld.

– Eg kan eg ikkje hugsa eit slikt resultat i seniorfotballen i Årdal, uansett nivå, seier Øvstetun.

Kampen var den siste før sjettedivisjon tek sommarferie. Årdal 2/Jotun/ÅTIL har plukka tretten poeng på vårens sju kampar, noko Øvstetun kallar grei fangst.

Opprykk er ikkje noko mål, sjølv om det er heng på laga foran.

– Dette er eit breiddetiltak. Me har ikkje hatt problem med å stilla lag til no i år, det er det viktigaste for meg, seier Øvstetun.

Til toppen