ØVST PÅ PALLEN: Oslo Open er årets største skytestemne som går innandørs. I helga gjekk ein femtenårig sogndøl heilt til topps i konkurransen. Foto: Jørn Njøs.
ØVST PÅ PALLEN: Oslo Open er årets største skytestemne som går innandørs. I helga gjekk ein femtenårig sogndøl heilt til topps i konkurransen. Foto: Jørn Njøs.

Vann det største innandørs skytestemnet i Norge

Vegard Eikevik (15) frå Sogndal vart beste ungdomsskyttar under Oslo Open i helga.

Sogndal: Vegard Eikevik vant ungdomsfinalen i miniatyrskyting, fattige 0,4 poeng foran Jeanette Hegg Duse frå Sem. 

– Det var veldig kjekt og ikkje minst veldig overraskande, seier Eikevik.

Les også: Tommel opp for sesongstart
Les også: No startar oppattbygginga av skyte- og klubbhuset

Stor siger

At ungdomskonkurransen går på tvers av fleire aldersklassar gjer prestasjonen enno meir imponerande. Fleire av konkurrentane var eldre og nivået er skyhøgt. 

– Det er det største eg har gjort på skytebana, heilt klart, seier femtenåringen.

Før konkurransen hadde han ingen tankar om å vinne. Men korleis han likevel greidde det har han eit enkelt svar på.

– Eg skaut no best.

Sigeren gav meirsmak

I tillegg til skyting, satsar Eikevik òg på langrenn og skiskyting. Det har han tenkt å halde fram med, men karakteriserer seg sjølv berre som «midt på treet» i langrennsporet.

Sigeren i helga gav uansett meirsmak. 

– Det motiverer meg til å trene enno meir framover for å prøve å oppnå liknande ting igjen, seier han.

Til toppen