Årdal: – Eg er nøgd. Dette er eit ritt eg har hatt lyst til å delta på lenge, så eg melde meg på i siste liten ettersom vérmeldingane var så gode, seier Hilde Asperheim.
– Likar meg i bakkane
Ho vann klassa si, kvinner 40-49 år og kom totalt på 6.plass blant kvinnene som deltok i Nibberittet laurdag. Her klatrar syklistane 1500 høgdemeter over 21 kilometer frå Geiranger sentrum til toppen av fjellet Dalsnibba.
– Eg visste ikkje heilt korleis løypeprofilen var ettersom eg ikkje har vore med før. Dei siste fem kilometrane var det svært bratt og tungt. Men eg likar meg no i motbakkane, fortel Asperheim.
Ein annan årdøl som vann klassa si var Eirik Kinserdal. Han vann klasse gutar 17-19 år og kom totalt på 11.plass blant herreryttarane. Asperheim er imponert over Kinserdal:
– Eirik får svært god fart oppover. Han satsar, medan eg syklar mest for moro. Så er det artig å delta på nokre ritt ettersom eg brukar så mykje tid på trening som eg gjer.
Artikkelen held fram etter biletet

– Formen ikkje heilt på topp
Kinserdal sjølv er vesentleg meir beskjeden:
– Det var heilt middels. Eg er ikkje supernøgd, men greitt nok.
– Er du ein klatrar som likar deg i slike motbakkar?
– Eg likar bakkar, men først og fremst når eg er i form. Den er ikkje heilt på topp no.
Det unge sykkeltalentet frå Årdal fortel han satsar på å trena godt i sommar og få til ein formtopp mot haustparten.
– Målet er å prestera jamt bra. No er det NM i landevegssykling neste veke. Deretter blir det ein liten pause før eg deltek i dei siste noregscupane i august og september. Der håpar eg å prestera bra.
I tillegg vann årdølen Geir Grindedal klasse menn 50-54 år i Nibbeløpet, som er eit halvmaraton og motbakkeløp i same løypa som sykkelrittet.