MATCHVINNAR: At Preben Strypet skulle bli ein viktig mann for Årdal FK utover hausten, viste han ved å avgjera kampen mot Sogndal 2. Foto: Siren B. Svortevik. 
MATCHVINNAR: At Preben Strypet skulle bli ein viktig mann for Årdal FK utover hausten, viste han ved å avgjera kampen mot Sogndal 2. Foto: Siren B. Svortevik. 

Vann prestisje og poeng

Det vart ein knalltøff kamp mot Sogndal II på Fosshaugane i kveld, men Årdal 2 klorte og heldt fast på Preben Strypet si viktige 1-0 scoring i første omgang. - Det heldt hardt mot slutten, og det gjekk så vidt,  seier trenar Ivan Øy.

Sogndal 2 – Årdal 0-1

Som venta vart det ein knalltøff kamp mellom Årdal FK og Sogndal 2 på Fosshaugane i kveld, prestisje og poeng gjekk hand i hand frå start til slutt.

Preben Strypet og Årdal FK gjekk opp i leiinga 1-0 etter 37. minutt, ei flott netting frå pannebrasken etter eit fint frispark frå Eirik Rode.

– Det vart kaotisk på slutten, me var slitne. Slik sett ei normal utvikling i ein såpass tøff kamp, seier trenar Ivan Øy til Porten.no måndag kveld.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Til toppen