NYTT EVENTYR: Får han opphaldsløyve blir Staniša Mandić (22) sogndalsspelar det neste året. Tysdag trente han med laget for første gong.
NYTT EVENTYR: Får han opphaldsløyve blir Staniša Mandić (22) sogndalsspelar det neste året. Tysdag trente han med laget for første gong. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Vann U20-VM og skåra i finalen – her har han si første trening med Sogndal

I 2015 skåra han to mål då Serbia vann U20-VM, eitt av dei i finalen mot Brasil. No er Staniša Mandić (22) klar for å skape nye høgdepunkt i karriera for Sogndal.

Sogndal: Kantspelaren kjem til Sogndal på lån frå den serbiske SuperLiga-klubben FK Čukarički. Der står Mandić oppført med 6 mål på 75 kampar, men denne sesongen har han hamna utanfor laget. Etter låneperioden har Sogndal sikra seg retten til å kjøpe spelaren.

– Klubben er god og folka her er gode, eg er glad for å komme hit, seier spelaren sjølv etter å ha unnagjort si første trening med dei nye lagkameratane.

KLAR TIL DYST: Han har spelt på større arenaer før, men Staniša Mandić er likevel imponert over treningsfasilitetane til nyeklubben. Foto:  Halvor Farsund Storvik

Etter i fire år i Serbia følte ungguten det var tid for å prøve noko anna. Matchforma er ikkje der heilt enno, men Mandić trur han skal komme fort inn i det. Kva publikum har i vente vil han seie minst mogleg om. 

– Folk får sjå på bana kva eg kan. Eg likar ikkje å snakke om meg sjølv.

Det førebelse høgdepunktet i karriera kom då han vann U-20 VM for Serbia i 2015. Mandić sende serbarane i føringa (sjå målet her) i 2-1 sigeren mot Brasil i finalen. No er han derimot svolten på nye eventyr.

– Det var berre det første steget, eg treng å oppnå meir.

Trenar Eirik Bakke er glad for å få eit nytt alternativ på kanten. For det første er Lars Christian Kjemhus ute med langtidsskade, for det andre har du uvissa rundt framtida til Gilbert Koomson.

– Eg veit ikkje kor lenge me får behalda han. Gilbert har halvanna år igjen av kontrakten og det handlar litt om å bu seg på dagen han forsvinn. Eg seier ikkje at det skjer no, men eg veit at det tek tid å finna spelarar som har den x-faktoren. Så blir det spanande å sjå om han har det, seier Bakke.

Til toppen