VÅTT VELT: Å velte flåten hører nærmest med når man er på rafting. Foto: Morten Holm /NTB scanpix FOTO: Holm, Morten /
VÅTT VELT: Å velte flåten hører nærmest med når man er på rafting. Foto: Morten Holm /NTB scanpix FOTO: Holm, Morten /

Vann-vittig moro

Nordmenn vel i aukande grad aktive feriar, samtidig som noregsferie er i vinden. Med rafting på ferieprogrammet kan begge desse trendane etterlevast.

Det finst i dag mange tilbydarar rundt om i Noreg som arrangerer heftige rafting-opplevingar for store og små. Og det er ikkje utan grunn. Norske elver kan nemleg by på rafting i verdsklasse.

– Rafting er herleg for heile familien, og for folk i alle aldrar. Eg har hatt folk frå fem til 80 år med på slike turar, fortel tidlegare raftinginstruktør og noverande kajakkinstruktør ved Mad Goats Kajakkskole, Tomas Hansson.

Han er frå New Zealand, og meiner vi i Noreg har gode og varierte forhold fleire stader i landet. Han påpeikar at vi også har gode sertifiseringsløysingar, som gjer at rafting i Noreg er relativt trygt – sjølv om det ikkje nødvendigvis kjennest sånn når ein sit i ein gummiflåte og padlar for harde livet for å unngå at den kantrar. 

– Det er stor forskjell på opplevd risiko og reell risiko. At flåten går rundt, er til dømes ikkje farleg, sjølv om det kan kjennest skummelt å opphalde seg under den i eit par sekund, seier Hansson.

Artikkelen held fram under bilete

VAKKER NATUR: Rafting-tilbudene befinner seg som oftest i nærheten av storslagen natur, som Besseggen.
VAKKER NATUR: Rafting-tilbudene befinner seg som oftest i nærheten av storslagen natur, som Besseggen.

Ønsker aktiv ferie

Kor dryg opplevinga blir, avheng av vass-standen og sjølvsagt kva for ei elv eller rute ein vel.

EKSTREMT MORO: Rafting er ekstremsport for hele familien.
EKSTREMT MORO: Rafting er ekstremsport for hele familien.

– Som oftast er elva delt inn i fleire nivå. Grad 1 og 2 passar for heile familien, mens 3 og 4 er for vaksne og vidarekomne, forklarer Hansson.

Nordmenn er blitt meir glad i natur og naturaktivitetar, viser undersøkingar frå Innovasjon Noreg. Og norsk reiseliv forventar vekst i talet på nordmenn som vel noregsferie til sommaren.

– Aktive feriar generelt er veldig i vekst, fleire og fleire turistar ønskjer å oppleve naturen gjennom ulike aktivitetar. Og vass-sportar er også i vinden. I tillegg til rafting er det mange aktørar som tilbyr juving, elvebrett og elvepadling, forklarer fagspesialist på naturbasert reiseliv i Innovasjon Noreg, Haaken Christensen.

Dei mest kjente

I Noreg er det Voss og Sjoa som har markert seg som dei vanlegaste rafting-destinasjonane. 

– Ekstremsportveko på Voss er jo ein internasjonalt veldig anerkjent festival som har både rafting og elvepadling i verdsklasse, og som trekker til seg folk frå heile verda, seier Christensen. 

Sjoa er i nærleiken av Besseggen, som er ein turistmagnet i seg sjølv.

– Sjoa er veldig gøy å rafte på. Her er det store, "venlege" bølgjer og fleire nivå å velje mellom, enten du ønsker å pushe dine eigne grenser maksimalt eller ha ein morosam dag med familien, forklarer Tomas Hansson. 

Det finst også fleire elver som byr på meir utfordrande rafting. Numedalslågen er blant dei. 

– Dette er nok den mest ekstreme organiserte rafting-opplevinga i Noreg. Men eit stykke ned i elva er det meir familievenlege tilbod, seier Hansson.

Han anbefaler også Valldal på det varmaste.

– Naturen her er jo episk, med Geirangerfjorden som er sinnssjukt vakker. Og så er det vanleg å stanse halvvegs nede og ete vaflar med jordbærsyltetøy, seier newzealendaren, som også anbefaler Skjåk, der elva Otta byr på fine opplevingar.

Eit perfekt døgn

Dei fleste raftingselskapa tilbyr overnatting – enten det er ved nærliggjande hotell, hytter eller i lavvo. Prisen for sjølve raftingturen brukar å liggje på mellom 500 og 1000 kroner per snute.

– Dette er ikkje spesielt dyrt når ein tek i betraktning kva som er inkludert av utstyr, guide og opplæring. Ein del tilbyr også mat og transport, forklarer Haaken Christensen.

Mange vel å kombinere rafting med andre aktivitetar og storslegne naturopplevingar.

– Eg vil anbefale å sjå på heilskapen i kva som blir tilbode. Sjølve raftinga varer mellom 1,5 og 3–4 timar. Ein er sliten etterpå, og kanskje våt og kald. Då kan det for eksempel vere herleg om det finst ein badestamp i nærleiken, meiner Tomas Hansson. 

Fakta: Rafting i Noreg

Det er raftingmoglegheiter mange stader i landet. Sjoa i Oppland er truleg landets mest kjente rafting-reisemål. I Trøndelag er Driva mest kjent, og på Austlandet kan blant anna Trysilelva i Hedmark, Dagali på Geilo og Evje i Setesdal nemnast. På Vestlandet er Vosso i Voss og Jølstra i Sogn og Fjordane gode alternativ. 

Her er nokre av selskapa som tilbyr rafting, men det er på ingen måte ei fullstendig oversikt. Søk etter rafting på nettet og finn det tilbodet som passar best til dine norgesferieplanar:

* GoRafting, Sjoa

* Heidal Rafting, Sjoa

* Beito aktiv, Beitostølen/Sjoa

* Valldal Naturopplevingar

* Full On Rafting, Geilo/Dagali

* Serious Fun, Geilo/Dagali

* Dagali opplevingar, Geilo/Dagali

* Lom og Skjåk adventure

* Voss rafting

* Jølster rafting, Jølstraholmen

* Dunder Adventures, Rørosregionen

* Opplev Oppdal

Til toppen