STOPP: Det er full inntaksstop ved Lærdal sjukehus akkurat no grunna problem med straumen.
STOPP: Det er full inntaksstop ved Lærdal sjukehus akkurat no grunna problem med straumen. (Foto: Truls Grane Sylvarnes)

Vanskar med straumforsyninga - Lærdal sjukehus tek ikkje i mot nye pasientar i dag

Lærdal sjukehus har problem med straumtilførselen og har dermed innført mellombels inntaksstopp av pasientar.

Lærdal: Arbeidet med å skifte hovudstraumtavla ved Lærdal sjukehus har skapt utfordringar for straumtilførselen til sjukehuset. Helse Førde aukar no ambulanseberedskapen i området, det skriv dei i ei pressemelding. 

Planlagd verksemd går som normalt 

– Straumen fungerar på poliklinikkane og elektiv verksemd går som normalt, så pasientar som har time i dag kan fortsatt møte på den, seier Terje Ulvedal, informasjonssjef.

Lærdal Energi presisterer at det ikkje er dei som har problem med forsyninga.

– Me har verken kjennskap til eller ansvar for problemet, seier Ørjan Bøyum, dagleg leiar ved Lærdal Energi AS. 

Forsyninga er ustabil

Omkopling av straumkursar i går kveld og i natt har gjort forsyninga ustabil. Mellom anna står begge heisane ved sjukehuset. 

– Den ustabile straumforsyninga har ikkje ført til alvorlege hendingar, understrekar Terje Olav Øen, beredskapssjef i Helse Førde.

Pasientane blir omdirigerte til Førde

Det er innført inntaksstopp ved sjukehuset, og gjennom natta er pasientar som normalt ville blitt lagt inn i Lærdal, omdirigerte til Førde sentralsjukehus. Etter eit statusmøte no i morgontimane er det klart at den planlagde aktiviteten går som normalt. Straumforsyninga til poliklinikkar, laboratorium og røntgen er stabil.

– Me har sett i verk ei rekkje tiltak for å sikre god beredskap, seier beredskapssjefen.

Beredskapen med bilambulanse blir auka, slik at det blir ståande to døgnbilar i Lærdal. I tillegg til ambulansehelikopteret i Førde, er også luftambulansestasjonen på Ål og Hovudredningssentralen (HRS) orienterte om situasjonen. HRS styrer redningshelikopteret i Florø.

Flyttar pasientane

Det er for tida åtte pasientar inneliggande på medisinsk seksjon. I tillegg er det to pasientar i den kommunale akutte døgneininga (KAD). Ein pasient har overnatta på legevaktstasjonen.

– For å vere på den sikre sida har vi avgjort å flytte inneliggande pasientar frå Lærdal til Førde. AMK og ambulansetenesta planlegg overføringa av pasientane. I tillegg blir pasientar som i morgon skulle hatt dialyse i Lærdal, overførte til Førde og Eid for å få denne behandlinga, seier Øen.

Skal vera ferdige onsdag kveld

Arbeidet med å legge om hovudstraumtavla starta måndag kveld og skal etter planen vere avslutta onsdag kveld. Sjukehuset vert i denne perioden forsynt via reservekraft. Fire aggregat skal sikre straumforsyninga.

Det var varsla at innkoplinga av aggregata ville gje bortfall av straum i kortare periodar, men det var ikkje venta at vanskane skulle bli så store. Legevaktene i området har vore informerte om arbeidet.

Lærdal sjukehus har vore i grøn beredskap sidan arbeidet tok til måndag kveld. Det er etablert lokal beredskapsleiing som følgjer situasjonen.

Til toppen