TAP: Den nest siste kampen til G15/G16-laget ÅTIL enda i tap mot Florø. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
TAP: Den nest siste kampen til G15/G16-laget ÅTIL enda i tap mot Florø. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Vanskeleg utgangspunkt

Det gjekk ikkje vegen for dei unge spelarane i 1. divisjon på Cuba stadion laurdag føremiddag.

ÅTIL - Florø: 2 - 5

Årdal: På ei rimfrossen bana møtte G15/G16-laget til Årdal og Lærdal (ÅTIL) det utfordrande Florø-laget på Årdalstangen laurdag føremiddag.

Til pause leia gjestene med to mål mot ÅTIL sine null, og utover i andre omgang røynde det på med fleire mål til Florø. 

– Då stillinga var oppe i 2-3 til Florø og klokka nærmar seg slutten av kampen, måtte me byrja å risikera meir ved å flytte fleire folk opp i bana. Dette utnyttar Florø med to kontringar, og me tapar til slutt 2-5, sier trenar Frank Øyre.

Artikkelen held fram under biletet.

TØFT MØTE: Florø var eit utfordrande lag å møte, då 10 av 11 spelarar på Florø er med på kretslag i regi av Sogn og Fjordane Fotballkrets.
TØFT MØTE: Florø var eit utfordrande lag å møte, då 10 av 11 spelarar på Florø er med på kretslag i regi av Sogn og Fjordane Fotballkrets.

Han er særs imponert over spelarane, og fortel at laget har eit godt grunnlag dei skal byggje vidare på. 

– Ti av spelarane som spelte i kampen mot oss i dag, er på kretslag i regi av Sogn og Fjordane Fotballkrets, medan me har berre to. I tillegg hospiterar dei fleste opp på tredje og fjerde divisjon senior. Våre spelarar får diverre ikkje innpass på samarbeidslaget Jotun/ÅTIL/Årdal i 5. divisjon, og då seier det seg sjølv at utgangspunktet var vanskeleg i dag, seier Øyre.

Til toppen