Årdal/Lærdal: «Bandtvangen gjeld i villrein sitt beite, leveområde og i skogane omkring frå 14.2.2017 til og med 31.4.2017», står det på Lærdal kommune sine sider.
Den ekstraordinært utvida bandtvangen gjeld i villreinområda i fjellet Lærdal - Årdal og villreinområda i Vest-Jotunheimen. Det vil seia i villreinen sitt beite- og leveområde og i skogane omkring.
Villreinnemnda sende nyleg brev til dei aktuelle kommunane der dei bad om at slik ekstraordinær bandtvang vart vurdert.
– Dette grunna vanskelege beitetilhøve for villreinen med mykje nedisa beite. Me ser ikkje nokon grunn til å ikkje setja inn ekstra bandtvang når situasjonen for reinsebeite er slik, seier viltforvaltar i Årdal, Lærdal og Aurland, Knut Fredrik Øi.
Les også: Difor bør du droppe toppturen i Hurrungane i vinter