KOLONNE: På Hemsedalsfjellet er det innført kolonnekøyring på grunn av uvêret. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.
KOLONNE: På Hemsedalsfjellet er det innført kolonnekøyring på grunn av uvêret. Foto: Webkamera/Statens vegvesen.

Vanskelege forhold i fjella

Sterk vind gjer køyreforholda i fjellet vanskelege. 

Årdal/Lærdal: Meteorologisk institutt har sendt ut obs-varsel om sterk vind på Vestlandet. Den sterke vinden vil til og med tysdag bidra til at køyreforholda i fjellet blir svært vanskelege.

Over Hemsedalsfjellet var det tysdag morgon kolonnekøyring. Det er det no slutt på, men ifølgje Vegvesenet kan det innførast på kort varsel.

E16 over Filefjell derimot er open med vekslande bart og snødekke. Slik er også stoda på fylkesveg 53 Tyin-Årdal, men her melder Vegvesenet at vegen kan bli stengt på kort varsel.

Fylkesveg 50 Hol-Aurland er heilt stengt på grunn av uvêret. 

Ifølgje vêrmeldingane skal vinden avta utover tysdag ettermiddag og kveld.

Til toppen