Årdal: Etter at den siste kolonna går forbi Finnsåstunnelen i dag klokka 17.00, vert vegen over Tyin einaste utferdsle for biltrafikk frå Årdal.
Der er sikta dårleg. Biletet over er teke på Tyinbommen.

– Me fekk nett inn ei vêroversikt for fjellovergangen mellom Årdal og Tyin. Der er det redusert sikt på grunn av snøfokk. Det blæs ein frisk bris der oppe, og snøar lett, seier Nina Heggernes i Vegtrafikksentralen.
Ho legg til at om vinden snur, so lyt det innførast kolonnekøyring eller eventuelt må vegen stengja. Det informerte ho om få minutt før vegen i alle høve laut stengja på grunn av ei bilberging.
Statens vegvesen: Full beredskap over Årdal-Tyin so lenge vegen forbi Finnsåstunnelen er stengt
Avdelingsdirektøren i Statens vegvesen i Sogn og Fjordane, Svein Egil Finden, opplyser at vegvesenet operer med styrka beredskap på fjellovergangen mellom Årdal og Tyin.
– So lenge vegen ikkje er open forbi Finnsåstunnelen, opererer me med forsterka beredskap. Dersom det vert naudsynt, vil me køyra kolonnekøyring mellom Årdal og Tyin, seier Finden.
Til vanleg er det ikkje kolonnekøyring over Årdal-Tyin, til vanleg er vegen anten open eller heilt stengt.
Men vegvesenet gjer no unnatak. I heile kveld og i natt vil det difor verta ordna med kolonnekøyring dersom vêret gjer at det vert naudsynt.