Indre Sogn: – Fredag er den beste dagen for å ta seg over fjellet på. Frå laurdag av vil det blåse ganske mykje, seier Roger Nedberge, Hilletrafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal, til NRK.

Det er venta opp mot stiv kuling på Sognefjellet i helga, melder Meteorologisk institutt.
Det kan by på vanskelege køyreforhold over 200-400 høgdemeter.
Vegvesenet har fått meldingar frå fleire bilistar om glatte vegar over fjella. Ifølgje NRK er Riksveg 7 over Hardangervidda heilt stengd grunna berging av fleire vogntog.
Tindevegen open
Torsdag melde Meteorologisk institutt på Twitter at ein kan venta låge temperaturar og nullføre på vegane i Sogn og Fjordane.

Frank Eldegard, dagleg leiar i Tindevegen, oppmodar bilistar til å sjå vêret an før dei køyrer over fjella. Han seier folk må kosta støv av vinterdekka og følgja med på korleis vêret ser ut på fjella, og tilpassa dekk og fart deretter.
– Det kan vera glatt sjølv om det ikkje er snø i vegbana på morgonen og kvelden, så kan det vera glatt og frysa på, så folk må vera obs på det. Det er ikkje noko årstid for å køyra med sommerdekk på fjella, seier han.
Tindevegen i Årdal er open fredag i påvente av bilistar som skal reisa.
– Me har sett på vêrmeldinga og har opna no i dag fordi at det er litt utfart på fredagane, så får me heller sjå om det blir stengd i morgon eller på sundag, seier han.