MISTA LAPPEN: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete vart i ei 60-sone i Bremanger målt til 87 kilometer i timen 30. september i fjor. Arkivfoto
MISTA LAPPEN: Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete vart i ei 60-sone i Bremanger målt til 87 kilometer i timen 30. september i fjor. Arkivfoto

Var for tung på gassen – mista lappen

Stortingsrepresentant Liv Signe Navarsete mista lappen i eit halvt år etter å ha køyrt for fort.

Lærdal: Den tidlegare samferdsleministeren vart i ei 60-sone i Bremanger målt til 87 kilometer i timen 30. september i fjor. Det førte til at ho fekk kverrsett førarkortet i seks månader i tillegg til at det blei ei bot på 8000 kroner, melder NRK.

Statskanalen har teke kontakt med Navarsete, som ikkje ynskjer å kommentere saka.

Til toppen