DRAUMEJOBBEN: Iselin-Lilja Sandsæther (10) fekk prøve seg som sommarvikar for ein dag ved Borgund stavkyrkje i Lærdal.
DRAUMEJOBBEN: Iselin-Lilja Sandsæther (10) fekk prøve seg som sommarvikar for ein dag ved Borgund stavkyrkje i Lærdal. (Bilde: )

Var første gong i stavkyrkja i mors mage - no fekk ho sommarjobb

Iselin-Lilja er vesentleg meir interessert i stavkyrkjer enn tiåringar flest. Denne veka fekk ho prøva seg som sommarvikar for ein dag ved favorittkyrkja.

Lærdal: - Ho har eigentleg vore her om somrane sidan ho var i mors mage, seier Sophie-Amélie Villermé.

Ho er mammaen til Iselin-Lilja Sandsæther (10) og enda litt tilfeldig opp som guide ved Borgund stavkyrkje i 2003. Sidan har det vorte turar til Borgund og stavkyrkja om somrane, anten som guide eller besøkjande.

- Me kjenner jo området veldig godt, men må alltid tilbake hit fordi det er så fint her, seier Villermé.

- Tykte det verka gøy

At det er fint i Sogn og spennande med stavkyrkja på Borgund tykkjer også dottera Iselin-Lilja. Ho har vakse opp med turane hit og les fleire bøker om stavkyrkjer.

- Bøker på nynorsk, så ho fekk KRLE-prøve på nynorsk her ein gong. Og klarde seg utmerka, fortel mamma.

No er Iselin-Lilja vorten ti år og fekk jobba på Borgund besøkssenter, senteret ved stavkyrkja, for ein dag.

- Eg tykte det verka gøy og ville vita korleis det er å jobba her. Så er folka veldig hyggelege, seier Iselin-Lilja.

Denne dagen har ho og mamma fylt på med t-skjorter, postkort og andre salsartiklar det byrjar å bli skrint med i hyllene. Dei har rydda i skåp rundt om kring og naturlegvis vore inne i sjølve kyrkja.

- Den er mørk, men veldig fin, seier Iselin-Lilja.

Artikkelen held fram under biletet

Bilde:

Heldt vikingbryllaup i stavkyrkja

Mor, dotter og resten av familien ferierer på Borgund, og bur til dagleg i Asker. Som namnet kanskje avslører kjem mamma Sophie-Amélie frå Frankrike. 

- Eg var den første franske guiden her, fortel ho.

Så glad i stavkyrkja vart ho at då ho og mannen skulle gifta seg i 2009, måtte det skje i Borgund stavkyrkje og i form av eit autentisk vikingbryllaup.

- Me gjorde research for å finna fram til mest mogleg identiske klede med tida då kyrkja vart bygd, seier Villermé.

Datoen vart 20. august - same dag som dottera Iselin-Lilja fylte tre år.

- Du vart kanskje litt gløymt på den bursdagen?

- Ja! seier tiåringen og ser tilgjort oppgitt opp på mora.

- Det vart slik fordi du kom akkurat same datoen som eg og far din trefte kvarandre. Då ville me gifta oss den datoen og samstundes vart det ein stor fest på bursdagen din, ler Villermé.

Vil jobba meir ved kyrkja

Ein ting er i alle fall sikkert; Borgund har fått seg trufaste fans i form av ein norsk-fransk familie i Asker.

- Du kjem kanskje til å satsa på full sommarjobb her seinare, når du blir litt større?

- Ja, heilt sikkert! seier Iselin-Lilja nesten før spørsmålet er fullført.

Til toppen