Årdal: Dei to damene frå Årdal skifta begge beite i sommar. Medan Steinheim gjekk til Eliteserie-klubben Oppsal frå Viking, vart Wahlquist henta inn som erstattar frå Camilla Herrem i Team Tvis Holstebro i Danmark.
Begge har spelt to kampar for sine nye klubbar og dermed unnagjort debuten. For Steinheim sin del er dette første gongen ho spelar på Noregs høgste nivå, og det var mot intet mindre enn Noregs desidert beste lag, Larvik.
– Det var berre nokre minutt. Eigentleg hugsar eg ikkje så masse fordi eg var så sjukt nervøs. Eg trudde eg ikkje kom til å få spela og var eigentleg sjokka over å ha blitt tatt ut til kampen, fortel Steinheim, som plutseleg vart kasta inn mot idolet Gro Hammerseng.
– Då eg fekk summa meg litt etter kampen, så var det veldig kjekt. Gro Hammerseng har alltid vore førebiletet mitt, så det var spesielt å spela mot ho.

Ein ny kvardag i Danmark
På andre sida av Nordsjøen, vest i Danmark, har Wahlquist byrja på eit nytt kapittel i karriera. Ho starta livet i Holstebro med å scora fem i ein cupkamp. I seriedebuten blei det ei scoring i 25-28-tapet for Silkeborg-Voel.
– Den første kampen gjekk fint, men det var eit 1. divisjonslag, så det blir litt annleis då me hadde ei stor leiing heile vegen. I første seriekamp vart det litt bom, og eg merka at eg var litt stressa sidan alt er nytt, fortel ho.
– Det er veldig nytt og annleis her. Eg merkar at det er ein del å setja seg inn i. Eg føler eg ikkje er komen heilt inn i ting enno, verken på eller utanfor bana, men det er moro, og eg trivast godt, legg ho til.
– Eg har byrja å lære meg litt danske tal. Det er ikkje så mange som skjønnar meg, så det blir ofte morsomme situasjonar der me til slutt berre ler, smiler ho.
Erstattar for Herrem
Den tidlegare Glassverket-spelaren har gjort det svært godt på toppnivå i Noreg dei siste par sesongane og er henta til Team Tvis Holstebro som erstattar for sjølvaste Camilla Herrem.
– Eg tenkjer ikkje så mykje på akkurat det. Eg tenkjer at eg vil prestere, men det er jo litt press sidan det gjekk så bra førre sesong, seier ho.
– Målet er heilt klart å bli stabil og like trygg som eg var i Glassverket. Det vil seie at eg set dei fleste av sjansane mine og får mest mogleg speletid.
Kjem med tips
Tilbake i Noreg kjempar Steinheim mot fleire i hennar posisjon om å få ein fast plass på laget. Ho seier ting ikkje vart heilt som venta i Viking førre sesong, og etter ein prat med Oppsal enda ho opp der i sommar.
– Det er hard konkurranse, men eg får ein veldig bra treningskvardag. På sikt håpar eg å få spela litt meir og bli ein større del av laget, fortel ho.
Då har Wahlquist eit godt tips.
– Eg hugsar i starten at dei kampane eg spelte best, var då eg la igjen respekten i garderoben og tenkte at motstandaren berre var vanlege spelarar. Rebecca veit ho er god nok, så ho må drita i å tenkja at dei andre er gode og at det blir vanskeleg, er rådet.