NY TOPPSJEF: Anne Mundal Skjelten.
NY TOPPSJEF: Anne Mundal Skjelten. (Foto: Privat)

Var sommarvikar like etter oppstarten, no er ho ny direktør for bremuseet

– Draumejobben, seier Anne Mundal Skjelten (43) frå Fjærland

Fjærland: Anne Mundal Skjelten (43) frå Fjærland er ny direktør ved bremuseet i Fjærland, det skriv selskapet i ei pressemelding måndag. Skjelten tek over for John Brekke, som har site i direktørstolen sidan 2011. Ho trer inn i stillinga den 15. mars 2020.

Det er slett ikkje første gong Skjelten har jobb på museet. Frå 1993 var ho sommarvikar der i sju år på rad.

– Dette er draumejobben, for min del. Eg har vakse opp med turistar og breane, og sommarjobben på bremuseet var det som inspirerte meg til å studera reiselivsleiing, seier Skjelten.

Flytta heim 

Skjelten har jobba som regionsekretær i forsikringsselskapet Vital, og som dagleg leiar i Sigurd Ziem i Bergen. I 2011 flytta ho og familien heim til Fjærland og dei siste åra har ho jobba både som rådgjevar i økonomitenesta og som nestleiar for seksjon rekneskap i NAV på Leikanger.

– Me flytta tilbake fordi me ønskte å bu i Fjærland. Arbeid kom i andre rekke, seier ho.

Norsk Bremuseum har hatt eit besøk på om lag 80 000 besøkande dei siste åra. Sidan opninga i 1991 har snart 2 millionar personar vore innom.

Mykje på gang

I Fjærland er det planar om å bygga ein ny turistattraksjon med fjordsenteret Marheim, ein ny innfallsport frå riksvegen, og det er framleis håp om at hotellet vil få ei sårt tiltrengt oppussing.

På toppen kjem museet sine eigne planar om ein ny panoramafilm og oppgradert kinosal, som skal vera klart til neste sesong.

– Det er mange spennane prosessar på gang i bygda. Eg tenkjer det er mykje å ta tak i framover, og det gjeld å få det beste ut av det for alle, seier Skjelten.

Jobb i Sogn

Sjå alle stillingar

Til toppen