MANGLA LITT AV KVART: Ein varebilsjåfør stakk av for kontroll på Håbakken måndag, og det viste seg at sjåføren hadde litt av kvart å svara for. Illustrasjonsfoto.
MANGLA LITT AV KVART: Ein varebilsjåfør stakk av for kontroll på Håbakken måndag, og det viste seg at sjåføren hadde litt av kvart å svara for. Illustrasjonsfoto. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Varebilsjåfør måtte svara på litt av kvart under ein kontroll på Håbakken

Dei fleste hadde ting på stell, men for éin sjåfør gjekk ikkje kontrollen særleg bra.

Håbakken: I ein rapport frå kontrollen skriv Statens vegvesen at 64 køyretøy blei vurdert på ulike ting, og at dei fleste hadde ting på orden.

Men ein sjåfør av ein varebil med tilhengar måtte svara for litt av kvart, skriv kontrollør Bjarte Frækeland i rapporten.

STOPP: Når dette skiltet er aktivt, gjeld det også varebilar, seier Frækaland.
STOPP: Når dette skiltet er aktivt, gjeld det også varebilar, seier Frækaland. Foto:  Truls Grane Sylvarnes

– Denne føraren stoppa ikkje for skilta kontroll og vart innhenta av kontrolløren. Det viste seg at varebilen var kraftig overlasta, mangla bremser på tilhengaren, mangla bremselys på tilhengar, samt at vogntogkombinasjonen med denne type last krev bruk av fartsskriver montert og i bruk, skriv Frækaland.

Heller ikkje fartsskrivar var montert eller i bruk. 

– Så fører blir meldt til politiet for ikkje å stoppa for kontroll, manglande bruk av fartsskriver, manglande bremser på tilhengar og manglande bremselys på tilhengar, samt at varebilen måtte fjerne store deler av lasta.

Frækaland seier det er eit krav at alle varebilar skal inn til kontroll når skilta «stopp kontroll for lastebil-varebil-buss» er aktivert ved kontrollplassane til Vegvesenet.

– Dette er det mange av varebilsjåførane som sannsynligvis ikkje har fått med seg, eller dei overser dette skiltet. Mange av varebilane har ofte ein grunn for ikkje å bli kontrollerte, då dei i mange tilfelle er kraftig overlasta.

Til toppen