STJERNESKOT: Vårin Ness (23) frå Sogndal gjer det skarpt i den amerikanske univeritetsligaen. Tidlegare i mai gjekk ho til hardtsatsande Florida Gulf Coast Eagles. Alle foto: Privat.
STJERNESKOT: Vårin Ness (23) frå Sogndal gjer det skarpt i den amerikanske univeritetsligaen. Tidlegare i mai gjekk ho til hardtsatsande Florida Gulf Coast Eagles. Alle foto: Privat. (Foto: Arkiv)

Vårin (23) lever fotballdraumen i USA

– Meir profesjonelt utan å tena pengar kan du ikkje få det.

Sogndal: – Eg trivst veldig godt. Det er kjekt å prøva noko nytt og oppleva korleis kulturen er der borte. Det har vore to bra år hittil, seier Vårin Ness (23), ei drøy veke etter at ho kom heim på sommarferie til heimbygda Sogndal. 

Dei to siste åra har ho spelt på øvste nivå i amerikansk universitetsfotball. Med den målfarlege sogningen på laget har Carson-Newman Eagles knapt tapt ein einaste fotballkamp og Ness sjølv har henta heim fleire individuelle prisar.

Allereie første året sette ho skulerekord med 12 mål, meir enn nokon førsteklassing har gjort før ho, og vart kåra til «freshman of the year».

– Eg hadde ein god start og skåra nokon mål. me fekk mange prisar det året, det var ikkje berre eg på laget som gjorde det bra, seier Ness beskjedent.

Les også: Ho greier ikkje slutte å skåre – Kaupanger tok tabelltoppen

I HEIMTRAKTENE: Ho har gjort det til ein vane å herje på fotballbana i USA, no er ho på ferie i heimbygda Sogndal– og held ved like scoringsformen for gamleklubben Kaupanger.
I HEIMTRAKTENE: Ho har gjort det til ein vane å herje på fotballbana i USA, no er ho på ferie i heimbygda Sogndal– og held ved like scoringsformen for gamleklubben Kaupanger.

Proffe amatørar

Eventyret starta med at ho kom i snakk med ei lagveninne på Kaupanger som hadde spelt i USA tidlegare. Ho formidla kontakt med ein trenar ho framleis kjente der borte og så var det eigentleg gjort.

– Etter det så reiste eg, seier Ness.

Ein vanleg dag på Universitetet i Tennesee startar med mat i kantina, forøvrig gratis for dei som spelar fotball. Så er det skule to til tre timar, etterfølgt av avlapping eller ei lita personleg treningsøkt før treninga med laget seinare på kvelden. Den er ferdig i fire-femtida, før det er felles middag i kantina etterpå.

– Meir profesjonelt utan å tena pengar kan du ikkje få det. Me har alt, ramma rundt er super. Alt er tilrettelagt for at me skal bli best mogleg.

Tidlegare i mai gjekk ho frå Carson-Newman Eagles i Tennesse til Florida Gulf Coast Eagles, hundre mil lenger sør. Så langt sør, omtrent, som det er mogleg å kome på den amerikanske austkysten.

– Etter to år har eg opplevd det meste, både i Tennesse og på fotballbana, så hadde eg lyst til å prøva noko nytt sisteåret.

SIGERSGLIS: Førsteåret gjekk laget utan tap før dei nasjonale finalane. Vårin Ness skåra tolv og vart «freshman of the year».
SIGERSGLIS: Førsteåret gjekk laget utan tap før dei nasjonale finalane. Vårin Ness skåra tolv og vart «freshman of the year».

Omtrent som norsk førstedivisjon

Det blir ikkje berre noko nytt. Skulen i Florida er eit nivå over sportsleg, har meir pengar og får lettare tak i gode spelarar. Ness har ikkje møtt dei nye lagveninnene enno, men har fått eit godt inntrykk av klubben via samtalar med ein norsk spelar på laget.

– Og Florida er no ein fin stat, så eg trur ikkje eg skal få det ilt der nede, seier Ness.

Då ho forlot Kaupanger hadde ho akkurat vore med å rykke ned frå 1. til 2. divisjon. Ness tykkjer det er vanskeleg å samanlikne, men trur det øvste nivået i amerikansk collegefotball er omtrent på nivå med norsk førstedivisjon. 

– Det laget eg skal på no er hakket betre, så eg vil tru at det tilsvarer toppen i førstedivisjon, seier ho.

Med eitt år igjen av idrettsfagstudiane (exercise and health science) går det òg mot slutten for «proffopphaldet». Med mindre det skulle dukke opp nokre ekstra interessante tilbod i USA, ser ho for seg å flytte heim når året er over.

– Eg trur det er mest sannsynleg. Men eg vil ikkje bestemma meg no, for eg skulle eigentleg berre vera eitt år i USA og det vart tre.

Draumen om dei norske fargane

Ferie betyr ikkje ferie frå fotball. Få dagar etter heimkomsten var Ness på bana då gamleklubben Kaupanger møtte fjorårets festbrems Hinna. To minutt på overtid putta ho i ein imponerande 3-0 siger.

Framleis følger ho med korleis det går med dei gamle lagveninnene, via live-oppdateringar på Facebook. 

– Eg får med meg det meste. Det er kjekt at dei oppdaterer slik at deg går an å følga med, sjølv om du er på den andre sida av dammen, seier Ness.

Ho meiner sjølv ho har tatt nye steg sidan ho forlot norsk fotball for to år sidan. Men landslagsspel er ikkje noko ho tenker på, og helst ikkje snakkar om. Men ho innrømmer at det er ein draum som lokkar i det fjerne. 

– Eg føler eg har mange år på meg, så viss eg framleis utviklar meg, er det målet. På den nye skulen eg er på no, så vil eg få nye utfordringar og forhåpentlegvis bli ein betre spelar. Men eg veit det er eit stykke opp.

Til toppen