Årdal: På bildet kan du sjå at det vårast nede i dalen, medan den snørike vinteren heng att i høgfjellet.
– Eg går masse på tur og tykkjer halve moroa er å ta bilder og redigere dei. Det er moro å legge dei ut og dele med andre, men det er på amatør-nivå. Det er mange fine plassar her på Vestlandet, seier Øygarden.
Fotografen fortel at bildet er teke i Utladalen. Turen gjekk om Avdalsskåri, og vidare opp Skåraberget. På bildet ser ein ned til Hagaberg.
