SCORA MÅL: Johnny Aspeseter kom på scoringslista og bidrog til at Årdal slo Fjøra 2-1 i treningskamp tysdag kveld. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SCORA MÅL: Johnny Aspeseter kom på scoringslista og bidrog til at Årdal slo Fjøra 2-1 i treningskamp tysdag kveld. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Varma opp til haustsesongen med siger mot Fjøra

Tradisjonen tru var Fjøra motstandar i den siste oppkøyringskampen før alvoret byrjar att om fire dagar.

Årdal: Det var ein god gjennomkøyring for både Årdal og Fjøra, der heimelaget tok siste stikk takka vere scoringar frå Johnny Aspeseter og Truls Hovland på kvar si side av Henrik Navarsete si debutscoring.

Etter som hovudtrenar Ivan Øy framleis er på ferie, var det Jan Kåre Stedje som leia dei heilraude i denne kampen.

– Det er ein viktig kamp for oss fordi det er få dagar att til seriestart. I mange år har me pleid å spela mot Fjøra, og det er greitt fordi me er jamnbyrdige lag, seier Stedje.

– For vår del var kampen rimeleg bra. Det var litt ferieprega tempo, men me følte at me kontrollerte kampen. Ifølgje vår statistikk hadde Fjøra nesten ikkje målsjansar og scora på eit hjørnespark. Utover det var det lite.

Kampen gjekk pent og pynteleg føre seg. Vertane brukte 16 spelarar og unngjekk nye skadar på viktige spelarar. Frå før er Christian Stedje, Marcin Brzykcy og Kjetil Karlsen.

– Det var viktig. Elles prøvde me ut spelarar på nye plassar. Eirik Rode testa me ut som midtbanespelar, noko som fungerte positivt, og me brukte Truls Hovland som spiss. Det er litt ubalanse i dette laget i den forstand at me har mange offensive spelarar, men få defensive. Difor fekk Abbas Abdul Wahabu spele ein del som stoppar fordi han treng kamptrening slik at han kan vere cover.

Elles var det også nokre purunge karar som fekk sjansen for raudtrøyene. Joachim Furset debuterte for Årdal før ferien og spelte mykje i 2. omgang mot Fjøra. Han får no selskap av Eirik Lereng, som har meldt overgang frå ÅTIL til Årdal.

– Han spelte dei siste ti minutta, og det er gledeleg at me får med oss dei yngre. Han klarar seg sjølvsagt bra. Han er ein god fotballspelar som treng litt annan matching enn der han har vore, og det vil han få utover hausten, seier Stedje.

Laurdag startar alvoret for årdølene som igjen tar opp jakta på ei topp fem-plassering i 3. divisjon slik at dei unngår nedrykk. Då er Flisa motstandar. I oppgjeret i vår tapte Årdal den kampen 0-1.

Til toppen