OVERREKTE GÅVE: Tysdag var fleire frå Årdal Røde Kors samla på Årdal sjukeheim for å overrekke ein steikeomn til sjukeheimen. F. V. : Selma Hunshammer, Gerd Hagen, Anne Sofie Aalen, Einar Natvik, Astrid Bruheim, Ragnhild Lægreid og Patricia Seglem Lægreid. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Varmande gåve til sjukeheimen

Årdal Røde Kors overrekte ei varmande gåve til Årdal sjukeheim. 

Årdalstangen: Tysdag var det offisiell overrekking av ein steikeomn til Årdal sjukeheim på Årdalstangen. Her er det nemleg slik at kjøkkenet stengjer etter 15.00, og då blir det vanskeleg med varm mat.

Etter innspel frå dei tilsette på sjukeheimen om kva dei kunne trenge, fann Røde Kors ut at dei ville kjøpe ein steikeomn.

– Røde Kors driv med veldedig arbeid og får inn ein del pengar som me søkjer om. Dette brukar me sjølvsagt ikkje på oss sjølv, men til ting som dei treng rundt om på heimane. Me har til dømes kjøpt fjernsyn og kaffiservise. Dei hadde eit ønske om ein omn som dei kunne bruka utanom kjøkkenet, og det sa me at me kunne ordna, fortel nestleiar Astrid Bruheim. 

Dei tilsette på sjukeheimen seier dei har sett fram til denne dagen. 

– Det er eit stort behov. Kjøkkenet stengjer 15.00, og på laurdagar er det vanskeleg med varmmat, seier assistent Regine Torgersen. 

– Då kan dei få mat etter ønske. Det er mange som vil ha pizza, og me kan baka bollar og brød. Her kan me få med oss pasientane, og så er det noko som stimulerer sansar, som luktesans, seier helsefagarbeidar Brita Stokke. 

Bruheim seier det kjennest godt å hjelpe og bidra med slike gåver når dei kan. 

Til toppen