FANGAR FLÅTT: Forskarane fangar flått ved å sveipa eit kvitt handkle over bakken. I alt fanga dei 23 000 flått på 30 stadar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag. Foto: Atle Mysterud, Institutt for biovitskap, Universitetet i Oslo
FANGAR FLÅTT: Forskarane fangar flått ved å sveipa eit kvitt handkle over bakken. I alt fanga dei 23 000 flått på 30 stadar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag. Foto: Atle Mysterud, Institutt for biovitskap, Universitetet i Oslo

Varmare klima gjev meir flått

Hjorten åleine er ikkje skuld i auken av flåttsjukdomen borreliose, viser ny forsking. Varmare klima har vel så mykje å seia for levevilkåra til flåtten.

Dei siste 20 åra har flåttsjukdomen borreliose breidd om seg, og fått mykje merksemd. Hjortedyr, som rådyr, hjort og elg, er vertsdyr for flåtten og har difor fått mykje av skulda for spreiinga av sjukdomen.

No viser ny forsking at auke i hjortedyr ikkje kan forklara borreliose-auken åleine. Andre faktorar, som varmare klima og endringar i arealbruk, er truleg vel så viktige årsaker.

– Flåtten treng om lag 5 gradar for å vera aktiv, og med ein tidlegare vår vert flåttsesongen lengre. Dei siste tiåara har våren kome 2– 3 veke tidlegare, fortel prosjektleiar Atle Mysterud, professor ved Institutt for biovitskap på Universitetet i Oslo, til Nynorsk pressekontor.

I tillegg har endringar i landbruket med mindre slått og beiting gjeve attgroing som er bra for flåtten.

Forskinga er nyleg publisert i fagtidsskriftet Nature Communications, og er med på å forklara korleis hjortedyra påverkar flåtten. Arbeidet er ein del av prosjektet TickDeer, som er eit samarbeid mellom Universitetet i Oslo, Veterinærinstituttet og Norsk institutt for bioøkonomi.

Ikkje sterk nok samanheng

IKKJE EINASTE: Sjølv om talet på borreliose-tilfelle aukar med tettare bestand av hjortedyr, er ikkje dette åleine nok til å forklara auken av borreliose. I TickDeer-prosjektet undersøkte forskarar mellom anna 49 hjort i ein periode på tre år, og talte opp talet på flott på øyro til hjortane.
IKKJE EINASTE: Sjølv om talet på borreliose-tilfelle aukar med tettare bestand av hjortedyr, er ikkje dette åleine nok til å forklara auken av borreliose. I TickDeer-prosjektet undersøkte forskarar mellom anna 49 hjort i ein periode på tre år, og talte opp talet på flott på øyro til hjortane.

– Forvaltning av hjortedyr kan ha innverknad på mengda tilfelle av borreliose, men det er ikkje naudsynleg nok å redusera talet på hjortedyr for å hindra auke i sjukdomstilfelle, seier Mysterud.

Flåtten er ikkje avhengig av hjort for å utvikla seg, men hoflåtten treng eitt måltid blod frå eit dyr på over 1 kilo for å reprodusera og få nye avkom.

Kystområda på Vestlandet har både mykje hjortevilt og mykje flått, men forskarane finn ikkje nokon klar samanheng.

– Me ser at det vert litt meir flått i område med høg bestand av hjort, som til dømes Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Men samanhengen mellom talet på hjortedyr og borreliasmitte er svak, forklarar Erling Meisingset, hjortevilekspert og deltakarar på prosjektet.

Meir, men reinare flått

PROFFESSOR: Atle Mysterud er professor i biologi ved Institutt for biovitskap på Universitetet i Oslo og leier TickDeer-prosjektet.
PROFFESSOR: Atle Mysterud er professor i biologi ved Institutt for biovitskap på Universitetet i Oslo og leier TickDeer-prosjektet.

Sidan 1991 er alle tilfelle av sjukdomen rapporterte, inkludert kva kommune flåttbitet hende i. Forskarane studerte dette talmaterialet for perioden 1991– 2012, med tal frå 416 norske kommunar. Dei har òg undersøkt flått på gps-merka hjortedyr med kjent arealbruk, og systematisk undersøkt vegetasjonen på bakken.

Undersøkinga på bakken gjorde dei ved å sveipa eit kvitt handkle over vegetasjonen i eit 20 kvadratmeter stort område etter eit systematisk mønster, og gjorde det 12 område på 30 stadar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, og Trøndelag.

Forskarane samla inn heile 23 000 flått, og undersøkte om flåtten hadde sjukdomen borreliose, og gjorde så dna-analysar av flått med borreliose. Dna-analysane viser at delen flått med borreliose går ned. I område med lite hjort er delen opp mot 25 prosent, og i område med mykje hjort om lag 10 prosent.

På Vestlandet fann forskarane ein samanheng mellom auke i hjortebestand og auke i borreliose-tilfelle, men ikkje ein klar nok samanheng til å forklara heile auken. Medan på Sørlandet har tilfella av borreliose auka samstundes som talet på hjortedyr har gått ned.

– Me veit at hjortedyra gjev meir flått, men samstundes kan dei minka delen flått med smitte. Hjortedyra er nemleg ikkje reservoar for Borrelia-bakterien, og flått som syg blod frå hjortedyr får ikkje i seg smitte, forklarar Mysterud. (©NPK)

Til toppen