VARMT: I januar var det rekordvarme. Foto: Arkiv
VARMT: I januar var det rekordvarme. Foto: Arkiv

Varmaste januar sidan målingane begynte

Januarmånad i år var den varmaste som nokon gong er målt på kloden.

Det opplyste US National Oceanic and Atmospheric Administration denne veka. Gjennomsnittstemperaturen ved jordoverflata låg 1,04 grader høgare enn snittet for januar på 1900-talet.

Dermed vart den førre rekorden frå 2007 slått. Januar var den niande månaden på rad med rekordvarme, og gjennomsnittstemperaturen for heile 2015 var den høgste sidan målingane begynte på 1880-talet.

Årsakene til dei høge temperaturane det siste året reknar ein med er vêrfenomenet El Niño og menneskeskapt global oppvarming, skriv NPK.

Til toppen