Vårmusikk på Mjølkeflaten

Det løner seg å spele fløyte når Lærdal Musikklag held sin årlege konsert i det fri på Mjølkeflaten.

Lærdal: For når korpset skal spela, skal alle instrumenta vere med – stortromma, slagverk og tuba. I ti år har Lærdal Musikklag arrangert vårkonsert ute i naturen på Mjølkeflaten.

Sjå fleire bilete frå konserten ved å klikka deg til høgre på bilete. 

På vårmånadens siste og varmaste dag kunne det absolutt løne seg å spele fløyte i korpset når instrumenta skulle berast opp den drøye halvtimen det tar å gå opp til det mest populære turområdet i Lærdal.

At ryggen og føttene fekk si oppvarming var ein ting, men også øyro til dei som tok turen fekk ein liten forsmak på kva som venta. 

Ti år på rad

Strandsnipa sitt karakteristiske lokk, ei vemodig pipande lyd uttrykt i fire-fem stavingar, der låta søkk i toneleie for kvar staving. I skogen er det svarttrosten og bokfinken sin lystige vårsong som fyller lydbiletet. 

Til slutt – toppen. Mjølkeflaten er det mest populære turmålet som turlaget har sine registreringar, med god utsikt over Lærdalsøyri og fjorden. 

– I år er det tiande gongen me er her oppe og spelar, og omtrent alle som er her i ettermiddag var med for ti år sidan, seier leiar i Lærdal Musikklag, Magnhild Aspevik. 

– Det er veldig kjekt å vere her i slikt flott vêr. Me har spelt kvart år, til og med i ausande regnvêr. 

Mykje folk

Om lag 50-60 personar tok turen for å lytta til korpset. Turlaget hadde ordna med bakst, medan musikklaget stod for kaffien og saft. 

På repertoaret stod tolv melodiar, mellom anna Fever, Happy Everything, Cabaret og Kom mai du skjønne milde. 

Også dei små grå fekk bryne seg på turen. Rolf Engløkk i musikklaget hadde ordna med quiz på vegen opp. 

Til toppen