RYDDEAKSJON: Torsdag er den store ryddedagen i Lærdal når «Hald Lærdal reint» vert arrangert. Arkivfoto: Camilla Skjær Brugrand.
RYDDEAKSJON: Torsdag er den store ryddedagen i Lærdal når «Hald Lærdal reint» vert arrangert. Arkivfoto: Camilla Skjær Brugrand.

Vårreingjering i Lærdal

Torsdag er det store ryddedagen i Lærdal når aksjonen «Hald Lærdal reint» vert arrangert.

Lærdal: Sommaren står for døra, og før sommaren er det alltid tid for vårreingjering. I Lærdal samarbeider Lærdal Idrettslag, Lærdal Turlag og Lærdal Røde Kors om å arrangere ryddeaksjonen «Hald Lærdal reint».

Også kommunen støttar opp om aksjonen med søppelsekkar og hanskar, og Simas held ekstra ope på miljøstasjonen for private.

Skulane i bygda er oppfordra til å ha dugnad i sitt nærmiljø, og alle frivillige lag og organisasjonar vert oppmoda om å delta.

– Prioriterte områder på Øyri er friluftsområda våre, som til dømes Hedler, badestranda og elvegranden. Elles vert det plukka ut område der det ligg mykje søppel. Me oppfordrar òg alle private og bedrifter i Lærdal til å rydde søppel frå sine eigedomar innan torsdag 28. april, skriv aksjonsgjengen på Facebook.

 

Til toppen