VARSLA: Willie Nyland Orrestad varsla på Facebook om at han hadde køyrt på ein katt (innfelt) for at eigaren ikkje skulle måtte gå rundt i uvissa. Det får han massiv ros for. Private foto
VARSLA: Willie Nyland Orrestad varsla på Facebook om at han hadde køyrt på ein katt (innfelt) for at eigaren ikkje skulle måtte gå rundt i uvissa. Det får han massiv ros for. Private foto

Varsla på Facebook om kattepåkøyrsle: – Det han gjorde var heilt fantastisk

Willie Nyland Orrestad var uheldig og køyrde på ein katt natt til onsdag. Han fortalde om hendinga på Facebook og oppmoda til deling for å finna eigaren. – Fantastisk, seier dyrevernlaget

Sogndal/Lærdal: – Eg køyrde på katten og det var ein fela dunk, så eg skjøna at det ikkje gjekk bra, seier Nyland Orrestad.

Påkøyrsla skjedde rett etter klokka 2 natt til onsdag. Orrestad var på veg heim heim til Sogndal frå jobb då han køyrde på katten på Håbakken i Lærdal.

– Eg rygga tilbake og fekk konstatert at katten var død. Då var det berre ein ting å gjera, og det var å få gitt beskjed, held Nyland Orrestad fram.

– Ikkje så lett å vita

Men Randi Aarethun, leiar i Indre Sogn Dyrevernlag, fortel at svært mange ikkje tenkjer dei må gi beskjed.

– FANTASTISK: Randi Aarethun, leiar i Indre Sogn Dyrevernlag
– FANTASTISK: Randi Aarethun, leiar i Indre Sogn Dyrevernlag

– Dei fleste gir f og køyrer vidare. Det er faktisk mykje betre for eigar å få vita kva som har skjedd enn å ikkje finna att katten sin eller kjæledyret sitt. Så det han gjorde var heilt fantastisk, for det er ikkje så lett å vita kva ein skal gjera når det skjer slik midt på natta.

Det Nyland Orrestad gjorde, var å straks leggja ut eit bilete av katten på Facebookgruppa «Selje/kjøp/leige/givekk Indre Sogn» under tittelen: «Ikkje sal, men beklagelse», og følgjande tekst:

«Heisann...

Klarte beklageligvis å kjøyre pao ein katt rett etter håbakken mot erislettao no rundt 02.10.. håpar folk kan hjelpe meg med å dele slik at eg kan fao kontakt med eigar å beklage.
E forferdelig å ikkje finne kjæledyret sitt å ikkje vite Ke so ha skjedd..

Katten er flytta frao vegen..»

Han la også ut posten på ei anna liknande gruppe for å nå flest mogleg.

– Dyra blir jo som ein ven for ein

Seint onsdag kveld er posten delt over 50 gonger på dei to gruppene til saman og mange rosar Nyland Orrestad for handlinga.

Det gjer også Aarethun i Dyrevernlaget.

– Denne mannen får ei fjør i hatten av meg, han er eit godt menneske. Dette kan skje kven som helst; det viser at han bryr seg og har ilt av seg for at det skjedde.

For Nyland Orrestad var det aldri eit alternativ å gjera noko anna.

– Kva tenkjer du om at ganske mange køyrer vidare når slikt skjer?

– Det tykkjer eg er veldig trist. Dei som eig ein hund eller ein katt som blir vekke lurer og leitar gjerne i lang tid utan å vita noko som kva som har skjedd. Dyra blir jo som ein ven for ein. Dessutan er det viktig å sjekka om det er liv i eit dyr som blir påkøyrt. Gjer ein ikkje det risikerer ein at det blir pint til døde, i staden for at ein kunne ha fått dyret avliva så ein unngjekk ein smertefull død.

Fekk snakka med eigaren

Aarethun i Dyrevernlaget opplyser at folk pliktar til å stoppa og sjekka om eit dyr som blir påkøyrt er i live.

– Så denne mannen har gjort alt rett. Elles er folk her i bygda generelt flinke ved slike hendingar, dei ringjer til meg eller til dyrlegen så ein får sjekka om katten har mikrochip. Eg vil gjenta at chip er den største gåva ein kan gje katten sin.

Seint onsdag kveld publiserte Nyland Orrestad følgjande post på Facebook:

«Tusen takk adle sammen for oppmerksomheit rundt saka som bidro til å få tak i eigaren! Og ikkje minst adle gode ord! Har faott snakka med eigaren og faott beklaga! Takk igjen!»

Til toppen