FARENIVÅ GULT: NVE varslar auka flaum- og jordskredfare i indre strok. Det kan komma opp mot 80 mm nedbør det neste døgnet.
FARENIVÅ GULT: NVE varslar auka flaum- og jordskredfare i indre strok. Det kan komma opp mot 80 mm nedbør det neste døgnet. (Illustrasjonsfoto: Verradar Yr.no)

Varslar auka flaum- og jordskredfare i Indre Sogn

Kan få opp mot 80 millimeter nedbør det komande døgnet.

Indre Sogn: NVE har varsla auka jord- og flaumskredfare, nivå gult, i indre strok. Årsaka er at det er venta opp mot 60-80 millimeter nedbør det komande døgnet. 

Skredfara vil vera størst der det kjem mest nedbør, skriv dei på sine nettstader, og oppmodar folk til å følgje med på vêrradar på yr.no.

Dei ber folk halda seg vekke frå bratte skråningar, bekkar og elvelaup med stor vassføring. Flaumskred har lang rekkevidde og kan nå ned i dalbotnen sjølv om det løysast ut høgt i terrenget, heiter det.

– Vi kan forvente nokre skredhendingar der det er bratte skråningar, og spesielt utsett er dei områda som har bekker og elveløp, sa geolog Lene Kristensen i jordskredvarslinga til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til NRK.

Til toppen