Slik ser Meteorologisk institutt sitt vêrkart ut for natt til fredag.
Slik ser Meteorologisk institutt sitt vêrkart ut for natt til fredag. (Skjermbilde: Yr.no)

Varslar betydeleg rasfare i Indre Sogn

Meir snø og vind gjer at NVE held fram med varsla om betydeleg skredfare.

Indre Sogn: Pågående vind og ytterligere snømengder opprettheld skredfara. All ferdsel i og i nærleiken av skredterreng frarådast, heiter det på Varsom.no.

Ifølgje NVE er det betydeleg snøskredfare i Indre Sogn. Snøskredproblema er knytta til fokksnø og våt snø.

– Ferdsel i skredterreng krever solid kunnskap, erfaring i ruteval og evne til å identifisera skredproblem. Generelt anbefales det å unngå skredterreng, skriv Meteorologisk institutt.

Ifølgje NVE vil farevarsla bli nedjustert til gul kategori fredag.

Meterologisk institutt melder at torsdag vil vera prega av sørvestleg liten til stiv kuling utsette stader i Sogn og Fjordane. Det vil også koma regnbyger, og snøbyger over 800 til 1000 meter og forbigående lettare vêr.

Vinden aukar i helga

Meteorologisk institutt melder at vinden vil auka inn mot helga og at utsette stader vil få stiv til sterk kuling frå søraust. Nedbør vil koma i form av snø i høgare strøk. I frå fredag ettermiddag vil vinden auka frå liten kuling frå sør, til sterk kuling.

Laurdag vil bli prega av sørvestleg stiv kuling og det er meldt om regn- eller haglbyger. I høgare områder vil det vera byger med snø.

Søndag ser vêret ut til å letta. Formiddagen vil by på stiv kuling frå nordvest og regnbyger. På ettermiddagen vil vinden endra seg til sørvestleg bris og ein vil også kunna oppleva opphaldsvêr og periodar med sol. Nedbøren vil framleis koma i form av snø i høgare strøk.

Til toppen