VARSLAR SKREDFARE: Det er varsla betydeleg snøskredfare i Indre Sogn dei neste dagane.
VARSLAR SKREDFARE: Det er varsla betydeleg snøskredfare i Indre Sogn dei neste dagane. (Foto: Josef Benoni Ness Tveit / Arkiv)

Varslar betydeleg snøskredfare for Indre Sogn

Måndag til og med onsdag er det sendt ut farevarsel for snøskred i regionen.

Indre Sogn: Måndag og torsdag er faren nivå tre, betydeleg snøskredfare. Tysdag dykkar faren ned på nivå to, moderat. Det melder varslingstenesta Varsom.no.

Årsaken til den auka snøskrefaren er at det har kome mykje nysnø i tillegg til at det er ein kraftig vind frå vest. Det fører til snøfokk i mange heng i terrenget. Desse er lette å utløysa.

Natt til onsdag er det fare for naturleg utløyste våte skred på grunn av plussgrader og regn, går det fram av varslinga. 

Etter snøfallet i regionen sundag er det nok mange som vil testa skia i fjellet. Er du ein av dei bør du vera ekstra aktsam.

Varsom.no oppmodar folk om å unngå ferdsel i terreng som er brattare enn 30 grader, og utlaupssoner. Ein bør særs vera forsiktig dersom det er fersk fokksnø i området. 

Faren for naturlege skred er høgst over 1200 moh. Ved kring 800 moh er det større sannsyn for å utløysa skred i bratte heng.

Til toppen