RAUDT: Det er sendt ut raudt varsel for ekstremt høg vasstand langs store delar av norskekysten.
RAUDT: Det er sendt ut raudt varsel for ekstremt høg vasstand langs store delar av norskekysten. (Illustrasjon: Meteorologisk institutt)

Varslar ekstremt høg vasstand

Meteorologisk institutt har sendt ut raudt stormflovarsel i samband med ekstremvêret «Elsa».

Sogn: Frå måndag ettermiddag til tysdag ettermiddag er det venta ekstremt høg vasstand langs store delar av kysten. Langs vestkysten er varselet heva frå oransje til raudt nivå. 

Vêret har fått namnet «Elsa». Vassnivået er venta å vere godt over det som var nivået for «Didrik» i midten av januar, melder NRK Vestland.

Årsaka til den høge vasstanden er eit kraftig lågtrykk i Nord-Atlanteren som pressar mykje vatn inn i Nordsjøen og Norskehavet. Det gjer at vasstanden vert 80–100 centimeter høgare enn det som er oppgjeve i tidevasstabellen.  

– Har du ting i strandsona som kan ta skade, så bør ein gjere tiltak og prøve å avgrense skadane, oppmodar statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid, til NRK.

Ifølgje Fagerlid er det venta rekordmålingar sør for Stad. 

Fagerlid seier ein også vil merke stormfloa godt inn i fjordane. 

– Det vil nok kunne nå rekordnivå også der, men pålandsvinden er heldigvis svak. Hadde vi fått kraftig pålandsvind i tillegg, så kunne det blitt veldig stygt, seier han til NRK.

Til toppen