Indre Sogn: Politiet ved Årdal og Lærdal lensmannkontor heldt natt til sundag promillekontroll i Årdal. Av 10 kontrollerte var det ingen reaksjonar.
No er Årdal og Lærdal lensmannskontor klare på at dei vil halde fleire kontrollar i høve promille og bilkøyring i desember månad.

– Me er klar over at me er inne i julemåneden og har blitt einige å auke aktiviteten i forhold til blant anna promillekontrollar, seier Knudsen.
Han har ein klar oppmoding til folk som skal drikka alkohol i juletida:
– Me oppmodar folk om å bruka sunn fornuft og ikkje drikka for mykje, og dersom ein drikk, å lata bilen stå, sler han fast.