Indre Sogn: Faren ligg på oransje nivå, altså betydeleg snøskredfare.
Farevarselet vil avta i løpet av dagen og gå over til moderat snøskredfare, eller gult nivå, på fredag.
– Grunnen til den store faren for snøskred er at det har kome store mengder snø dei siste dagane, og dette kom i tillegg saman med vind, seier Andreas Haslestad, vaktleiar for snøskredvarslinga i varsom.no.
– Det har ført til at snøen ikkje har fått stablisert seg enno, seier han.
- Les òg: Snøskred på Filefjell
Ver varsom i bratte terreng
Han ber folk vera forsiktige i områder med bratte terreng og leområder, særleg mot aust til sør.
Haslestad har tre råd til dei som skal ferdast i fjellet torsdag og fredag:
- Sjekk vêrmeldinga, gå inn på varsom.no og les skredvarselet for regionen du er i.
- Dersom du manglar kunnskap – gå inn på snøskredskolen.no for å læra meir korleis ein skal ferdast i fjellet på vinteren.
- Ta omsyn til råda om ferdsel som er knytt til ulike skredområde.