SNØSKREDFARE: Det er varsla stor snøskredfare i fjellet fredag. Varsom.no oppmodar skiløparar om å vera forsiktige.
SNØSKREDFARE: Det er varsla stor snøskredfare i fjellet fredag. Varsom.no oppmodar skiløparar om å vera forsiktige. (Foto: Bård Basberg / SGN skis)

Varslar høgste farenivå for snøskred i regionen

Onsdag ligg farenivået på oransje 3, betydeleg fare. Fredag aukar det til det høgste nivået.

Indre Sogn: Nettstaden varsom.no varslar at faren for snøras fredag vil auka til nivå raudt, stor fare, for Indre Sogn. 

I varslinga, styrt av Meteorologisk institutt, vert folk oppmoda om å vera forsiktige der det ligg fersk fokksnø i høgda. Snødekket er prega av uvêret på nyttårsaften. Mildvêr og regn opp til ca 1400 meter over havet har gitt eit fuktig snødekke mange stader.

– Perioder med storm i fjellet har gitt avblåste rygger og topper, samt fokksnøflak av varierande hardheit i leformasjonar. Det var synkande snøgrense 1.nyttårsdag og i områder som er skjermet for vind kan det ha lagt seg noe løsere snø, heiter det i meldinga. 

Skiløparar kan utløysa skred

Skiløparar kan løysa ut store skred nokre stadar. Problemet vil vera størst over skoggrensa mot aust og sør.

Det vil vera lettast å løysa ut skred i overgangen mellom tjukt og tynt snødekke, og skredfaren er høgst vest og nord i regionen, der det kom mest nedbør. 

– Unngå terreng brattare enn 30 grader med fersk fokksnø til den har fått stabilisera seg. Det er størst sannsyn for å løysa ut skred på kul-formasjoner i terrenget og der fokksnøen er mjuk, går det fram av meldinga.

Lokal og skiftande vindretning kan gi stor variasjon i kvar fokksnøen legg seg. Snø som sprekker opp rundt skia/brettet er eit typisk fareteikn.

Til toppen