GLATTE VEGAR: Vêromslaget kan føra til glatte vegar natt til torsdag, men ifølgje Meteorologisk institutt vil dette smelta utover ettermiddagen torsdag.
GLATTE VEGAR: Vêromslaget kan føra til glatte vegar natt til torsdag, men ifølgje Meteorologisk institutt vil dette smelta utover ettermiddagen torsdag. (Bilde: Arkiv)

Varslar kraftig vêromslag, ventar snø og glatte vegar

Eit høgtrykk har levert kaldt og pent vêr den siste veka, men onsdag kjem eit kraftig lågtrykk inn frå Norskehavet.

Indre Sogn: Meteorologisk Institutt varslar eit kraftig vêrskifte som vil dra med seg snø, nedbør og vind. 

Gunnar Livik, vakthavande meteorolog hjå Meteorologisk Institutt, seier at sogningane kan venta snø på bakken onsdag kveld. 

– Det kjem nok mykje nedbør seint onsdag kveld og det kan koma snø heilt ned i låglandet. Temperaturen vil dog auka opp til 7-8 plussgrader torsdag føremiddag, så det vil nok smelta.

Sterk vind byr på glatte vegar

Livik opplyser at det natt til torsdag vil koma kraftig vind i høgfjellet.

– Lokalt i fjella kan det blåsa opp i sterk kuling til liten storm frå søraust, med ein styrke mellom 20-22 m/s. Dette kan medføra vindkast som kan gå ned i lågtliggande strok. 

Kombinasjonen av kraftig vind og nedbør kan ifølgje Livik by på vanskelege køyreforhold i høgfjellet, spesielt seint onsdag kveld og natt til torsdag. Men grunna temperaturauken torsdag vil faren for glatte vegar minka utover dagen. 

– Det er ikkje så stor fare for underkjølt regn. Den kraftige vinden er mild og vil smelta isen utover dagen, seier meteorologen. 

Statens vegvesen: – Køyr med vit

Trafikkoperatør ved Lærdal trafikksentral, Ketil Molvær, vil likevel oppmoda bilistar til å køyra med vit. 

– Når det er vêrskifte og blir mildvêr, og det i tillegg kjem ein del vind i fjella, kan det fort bli vanskelege køyreforhold og glatt på vegane. Folk må køyra forsiktig og rekna god tid. Skal du rekke sjukehus og fly må du planlegga deretter, seier han. 

Molvær seier at slikt vêr ikkje berre er utfordrande for bilistar, men òg for Vegvesenet.

– Me kan ikkje salta dersom det er for kaldt, og strøsand har ikkje den same effekten på det tynne isdekket. Men me har langt erfaring med dette, og det er røynde folk på vegane her i Indre Sogn.

Til toppen