BLES OPP: Meteorologisk institutt melder om mykje vind den komande kvelden og natta.
BLES OPP: Meteorologisk institutt melder om mykje vind den komande kvelden og natta.

Varslar kraftig vind på Vestlandet

Kan koma opp i orkan styrke i dei verste kasta. Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel.

Indre Sogn: Onsdag kveld og natt til torsdag er det varsla kraftig vind i Sogn og Fjordane, med lokale vindkast på mellom 25 til 35 meter i sekundet.

I Indre Sogn vil det òg blesa friskt, men den verste vinden er venta nær kysten og i fjellet. Her kan vindkasta passera orkan styrke.

Meteorologisk institutt har sendt ut eit farevarsel på oransje nivå. Det betyr at det kan vera farleg å ferdast i fjellet, at gjenstandar kan blesa over ende, og at enkelte avganger med båt, fly og anna transport kan bli kansellerte.

Til toppen