STERK VIND: Meteorologane varslar kraftig vind for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal torsdag og fredag. Det kan koma vindast med 25-33 m/s.
STERK VIND: Meteorologane varslar kraftig vind for Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal torsdag og fredag. Det kan koma vindast med 25-33 m/s. (Illustrasjon: Meteorologisk Institutt)

Varslar kraftige vindkast i fjellet og på kysten, meteorolog: - Reisande må vera obs

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel nivå gult.

Sogn: Sterk vind herjar langs kysten i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal torsdag, og meteorologane har sendt ut farevarsel nivå gult. 

Vakthavande meteorolog Kristin Seter ber folk vera aktsame om dei skal reisa heim frå juleferie torsdag eller fredag.  

– Det er venta ein god del vind. Me har ute farevarsel på gult nivå, det er det lågaste men, det er framleis ein utfordrande situasjon.

Toppar seg torsdag og fredag

Torsdag er det ganske kraftig vind i fjellet, og på kysten er det full storm. Det er kraftige vindkast som kan slå ned i låglandet med ein styrke på mellom 25 til 33 meter i sekundet, opplyser Seter. 

Sogn ligg i utkanten av det området som får det verst, som Nordfjord og nordover. Likevel kan det vera kraftig vind lokalt. 

– No er me inne i ein ganske uroleg periode vêrmessig. Det vil nok vera litt av og på, og vara nokre dagar. Det har nådd ein topp no i dag, og det ser ut til at det vil minka utover kvelden. Vinden får ein ny topp i morgon ettermiddag, og det skrur seg nok ikkje heilt av med det første, seier Seter. 

Ber reisande vera obs

Etter nyttårsaftan er torsdag og fredag to inneklemte dagar, og mange skal truleg reisa heim frå juleferie i desse dagar. 

Seter ber dei reisande vera obs på at den utfordrande vêrsituasjonen kan medføra konsekvensar. 

– Ein må ha det i bakhovudet når ein skal på reis. Me har ute farvarsel, og fredag er det ein ny runde med kraftige vindkast ifrå vest, kanskje kraftigare enn i dag, seier ho. 

Vêret kan føra til innstilte ferjeavgangar og stengte fjellovergangar. 

– Det er nedbør og mildvêr så det kan bli ganske store utfordringar i trafikken, folk må vera obs. 

Til toppen