SKREDFARE: Det kan vere farleg terreng for skientusiastar no.
SKREDFARE: Det kan vere farleg terreng for skientusiastar no. (Foto: Silje Kabbe / Arkiv)

Varslar skredfare: – Det er ganske skumle forhold no

Snøvêret gjer at skikøyrarar og andre må vera ekstra forsiktige i fjella.

Indre Sogn: Guide og tindevegleiar i Bre og Fjell, Halvor Dannevig, fortel at vêret me har no ofte fører med seg skredfare i fjella. 

– Det er ganske skumle forhold akkurat no, seier Dannevig.

Topp tre tips ved skredfare

  • Unngå skredterreng.
  • Ikkje gå under bratte heng.
  • Alltid ha godt nok sikte til å få oversikt over terrenget.

Ein kollega av han såg eit par personar bli tekne av eit mindre skred på Sognefjellet førre veke, og han rår alle til å vera forsiktige dersom dei skal ferdast i farleg terreng. 

– Når vêret er slik som det er no, vil eg tilrå å halda seg unna skredterreng, ikkje ferdast under bratte heng, og alltid ha godt nok sikt framover for ha oversikt over terrenget, seier guiden.  

Glatte vegar i låglandet

– Det ser ikkje ut til at det vert store endringar i vêret dei neste dagane, melder Marianne Skolem Andersen, meteorolog ved Meteorologisk institutt.

Det vil seia at snøen kan bli liggjande heile veka i låglandet.

– Tysdag ligg temperaturen på mellom ein og tre plussgrader dei fleste stadane i Indre Sogn, seier meteorologen.

Onsdag og torsdag kan det bli eit par plussgrader, og deretter vil temperaturen synka mot helga. Dersom det framleis er snødekke på vegane, vil det føra til svært glatte vegar. 

– I fjella vil snøen bli liggjande, og torsdag og fredag kan det kome ekstra nedbør, seier Skolem Andersen.

Til toppen